Dønfoss barnehage sette sjølve dagsorden da dei feira Samefolkets dag.
Ute vaiar det norske flagget på heil stong. Inne prydar sameflagget rommet. Datoen er 6. februar. Det er Samefolkets dag. Spente barn sit klare i storsalen. Det er duka for framføringa av «Stallo og den magiske kisten». Eit eventyr forfatta av dei eldste barna i Dønfoss barnehage. Som i korte trekk handlar om sameguten Lars og samejenta Meisa. Og trollet Stallo som blir til stein. Sjølvsagt er det reinsdyr med i spelet, også. Og ein katt og ei kanin. Jo Rustad og Ann-Elen Banken som spelar Lars og Meisa er kledde i ekte samedrakter. Faktisk er det fleire av barna i Dønfoss barnehage som har sameblod i årene. Som Jo. Og han veit ein del om samane: - Dei kastar lasso. Så har dei lavvo. Og så et dei bidos. Det et samane når det er fest! Da joikar dei, og!
– Og så har dei fine samedrakter. Og reinsdyr, skyt Ann-Elen inn. Som legg til: - Dei bur lagt nord i landet. Og så er det kald om vinteren der samane bur.
– Ja, og da brukar dei reinskinn til å liggje på. Eg kunne tenkt meg å vore ekte same heile tida, eg. Men? å prate samisk er travaleg, seier Jo ettertenksamt.
Lena Eiesar er ikkje så sikker på om det hadde vore berre kos å vore same. – Brrrrrr! Men det kunne vore artig, med. Køyre snøskuter. Og kappkøyre med rein, og slikt.
Dei veit altså meir om samane enn mange andre, barna i Dønfoss barnehage. På etterjulsvinteren har dei hatt samefolket som tema. Som toppa seg med feiring av Samefolkets dag, med mange forskjellige aktivitetar. Som for eksempel lassokasting. Bidos vart det også!