Dennis Storhøi fortel at han aldri blir heilt ferdig med rolla som Peer Gynt.
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.|
Knut Storvik
E-post
|
|
| Publisert 10.08.2009 kl 09:40 Oppdatert 10.08.2009 kl 11:31 |
Lett henslengt i ein sofa i kjellaren på Gålå høgfjellshotell etter hans femtande framsyning som Peer Gynt skulle ein tru Dennis Storhøi var trøytt og sliten. Tvert imot.
- Etter framsyningar er eg oppspelt og tenkjer på korleis kveldens framsyning gjekk, seier Storhøi.
Han fortel at Peer Gynt er verdas beste rolle, ei rolle som krev mykje av den som framførar den.Det er andre året han spelar Peer Gynt og han er like begeistra for folket og omgjevnadene rundt spelet i år som i fjor.
- Det er så godt å sleppe det Oslo-maset. Her får eg fred og ro og samtidig er alle dei folka eg møter på så hyggelege, seier Storhøi.
Å snakke døl
- Fyrste gongen eg såg Peer Gynt tok det meg tjue minutt å forstå kva dei sa på scena, seier Storhøi.
Østfoldingen Storhøi fortel at han har hatt fått mange spørsmål om kvifor han pratar døl under framsyninga frå både personar han kjenner og ikkje.
- Da svarer eg at det ikkje hadde vorte det same utan, seier Storhøi.
Det er Håkon Sveen som har lært han å prate døl.
- Men det er veldig vanskeleg å få til riktig tonefall, seier Storhøi.
Han fortel at det ligg mykje trening bak for å få til riktig uttale.
- Eg plukkar heile tida opp tips når eg er i Vinstra sentrum og andre plassar, seier Storhøi.
Neste år?
Han stortrivst å spele Peer Gynt og vil svært gjerne kome tilbake neste år.
- Kontrakten min går ut dette år så vi får sjå korleis forhandlingane går, seier Storhøi.
- Vil du kome tilbake, da?
- Ja, dette er det største eg nokon sinne har vore med på, så eg vil spela fleire enn sytten framsyningar, seier Storhøi.
Du kan tipse oss på flere måter:
Telefon: 977 21 000
E-post: tips@gd.no
SMS eller MMS med bilder til 2097 med kodeord GDTIPS + meld
Legg inn dine arrangement i kalenderen på gdpuls.no, og det kommer automatisk her og i papiravisa! Her er siste i kategorien konsert, teater, musikal, revy og dans:
Kalenderen fra gdpuls.no | ||
PerGyntstevne Dennis Storhøi strålte i premiera av årets Peer Gynt. Les mer
Anette Musdalslien (29) jobber som journalist i GD. Hun er for tiden ute i foreldrepermisjon med nummer to. Bli med inn i ammetåka, diskuter, del gleder – og frustrasjoner:
Her er Anettes ammetåke