Torsdag 12. november blir det åttande av i alt tolv band av Norsk Ordbok lansert på Litteraturhuset i Oslo.
Hovudredaktør er stadig Lars S. Vikør, utflytta vinstravær og professor i nordisk språkvitskap.
- Norsk Ordbok skal vera ei folkegåve ved 200-årsfeiringa av Grunnlova i 2014. Med dette bandet er vi ferdige med to tredelar av arbeidet, seier Vikør.
Arbeidet med ordboka vart starta i 1930!
Band 8 inneheld over 31 000 ordartiklar, og strekkjer seg frå substantivet mugg til adjektivet ramnsvart.
Ordartiklane inneheld både ordtyding, ordhistorie, målføreformer og døme på bruk både i litteraturen og talemålet. Mange av orda er allment kjende og i dagleg bruk over heile landet, medan andre er målføreord som aldri tidlegare har stått i ei ordbok.
Bandet er prega av artiklar om viktige og mykje brukte småord, som adverba ned og opp og preposisjonane på og over – i tillegg til mykje, mykje meir.
No på hausten kan det vera godt å kjenna til ord som nysild, nyåringssnø, osteskatt og potetmørker. Til jul gjeld det å vita om mølje, nattbisk og nisse. Eller kva med mindre sesongavhengige ord som nerd, quisling og rakkar?
Om du lurer på bakgrunnen og utbreiinga til desse og mange tusen andre ord, finn du svaret i band 8 av Norsk Ordbok.
Dei tolv banda av Norsk Ordbok skal gje ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket. Her er ord som er heimfeste frå alle delar av landet. I tillegg dekkjer bøkene ordtilfanget i nynorsk sakprosa og skjønnlitteratur.
Prosjektet Norsk Ordbok 2014, som står for redigeringa av Norsk Ordbok, er finansiert som eit spleiselag mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Universitetet i Oslo.
Hovudredaksjonen til Norsk Ordbok held til ved Universitetet i Oslo, men har også ei avdeling ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim. I alt 30 redaktørar har levert manuskript til band 8 av ordboka.
Store delar av materialet som er nytta i ordartiklane, både målførebelegg og litterære kjelder, er tilgjengelege HER
- På desse sidene er alle språkinteresserte nettbrukarar velkomne til å leita etter sine favorittar, seier Lars S. Vikør.
Du kan tipse oss på flere måter:
Telefon: 977 21 000
E-post: tips@gd.no
SMS eller MMS med bilder til 2097 med kodeord GDTIPS + meld
Legg inn dine arrangement i kalenderen på gdpuls.no, og det kommer automatisk her og i papiravisa! Her er siste i kategorien konsert, teater, musikal, revy og dans:
Anette Musdalslien (29) jobber som journalist i GD. Hun er for tiden ute i foreldrepermisjon med nummer to. Bli med inn i ammetåka, diskuter, del gleder – og frustrasjoner:
Her er Anettes ammetåke