Under høgfjellskonserten «Ved Rondane» på årets Peer Gynt-stemne, er det dei særs kjende Hemsing-søstrene, Ragnhild og Eldbjørg, som er trekkplaster og solistar med Peer Gynt Kammerorkester.
Høgfjellskonserten vert halde på Rondane Høgfjellsscene 1. august, med riksteatersjef Ellen Horn som konferansier.
Peer Gynt-orkesteret og søstrene Hemsing vil framføre verk frå den norske kunstmusikken.
- Dette er ein konsert vi alltid har høyrt om, og difor er det veldig gøy å sjølv få opptre der, med eit så flott orkester og dirigenten Ole Kristian Rud.
- Kva for verk får vi høyre?
- Det skal vi setje oss ned og bestemme saman. Eg trur nok det blir litt Ole Bull sidan det er jubileumsår.
- Kva veit du om høgfjellsscenen?
- Eldbjørg spilte der då Leif Ove Andsnes fekk Peer Gynt-statuetten. Eg har sjølv aldri vore der.
- Ragnhild seier ho gler seg til å ha naturen som konsertlokale
- Det blir sjølvsagt artig å spille saman, for det er blitt meir og meir solistoppdrag på eige hand, seier Ragnhild Hemsing.
Du kan tipse oss på flere måter:
Telefon: 977 21 000
E-post: tips@gd.no
SMS eller MMS med bilder til 2097 med kodeord GDTIPS + meld
Legg inn dine arrangement i kalenderen på gdpuls.no, og det kommer automatisk her og i papiravisa! Her er siste i kategorien konsert, teater, musikal, revy og dans:
Anette Musdalslien (29) jobber som journalist i GD. Hun er for tiden ute i foreldrepermisjon med nummer to. Bli med inn i ammetåka, diskuter, del gleder – og frustrasjoner:
Her er Anettes ammetåke