...
Foto: TVNorge

«Alt for Norge»- deltakar i Heidal: – Ein draum har vorte oppfylt

- Ein draum har vorte oppfylt, seier amerikanaren Grant Aaseng (54) etter at han møtte slekta si i Heidal.

Knut Storvik E-post
Publisert 28.05.2010 kl 09:04 Oppdatert 28.05.2010 kl 14:45

Tips en venn på e-post:


...
SLEKTSTREFF: Det vart bedd inn til slektstreff da Grant Aaseng (54) frå USA kom til Heidal for å finne slektningane sine. Familien til Grant sit på kne Ruth (fremst), Marit (18), Kris (15) og Grant. Alle foto: Knut Storvik Foto: Knut Storvik
...
FANT TONEN: Slektningane Erling Steineide frå Heidal og Grant Aaseng frå USA fant fort tonen trass i at dei ikkje kan språket til kvarandre. Foto: Knut Storvik Foto: Knut Storvik
...
VARM VELKOMST: Gleda var stor da amerikanarne møtte sine slektninger i Heidal. Her er det Erling Steineide som gje Ruth Bretheim Aaseng ein god klem. Grant Aaseng til venstre og dotter Marit Aaseng til høgre. Foto: Knut Storvik Foto: Knut Storvik

Flagget var heist til topps, den beste spekematen stod på bordet og finstasen var funne fram når folket på Dokknes gard i Murudalen i Heidal venta storbesøk frå Amerika.

Etter litt venting dukka pastor Grant Aaseng opp med familien sin og ei leiting som starta i 1994 var over. Grant fekk endeleg sjå området kor slekta hans stammer frå.

Den fyrste til å helse på den amerikanske familien var Erling Steineide. Grant og Erling er firemenninger.

- Velkomen til gards. Mitt namn er Erling, sa Erling på eit noko gebrokkent engelsk til Grant før ein god klem vart utdelt til han og resten av familien Aaseng.

- Dette er stort. Mine foreldre reiste i 1994 til Norge for å finne ut kor slektningane våre kjem frå, men dei måtte gje opp og reise tilbake til Minnesota i USA. Det var for vanskeleg å finne nok informasjon om kor dei befant seg, seier Grant.

Han er overvelda over mottakinga dei fekk av familien og imponert over den norske naturen.

- Det er veldig vakkert i Heidal, seier Grant.

Reality-show om norskamerikanarar

Grunnen til at Grant har teke den lange turen frå byen Alexandria i Minnesota i Amerika til Norge er takka vere dottera hans Marit. Vinteren 2008 sit Marit og surfar på Internett.

Ho kjem over ei konkurranse som TVNorge lyser ut. Dei skal lage eit reality-show, «Alt for Norge», om amerikanarar som har norske aner.

Dei skal få prøve norske ting og bli kjent med norsk kultur. Hovudpremien er ein pengesum, samt eit slektstreff med sin norske familie. Over 1.000 amerikanarar sender inn søknad, bare ti blir plukka ut. Grant er ein av dei.

- Hadde det ikkje vore for dotter mi Marit hadde eg aldri vore i Heidal i dag. Utan støtte frå familien min hadde eg aldri vorte med på programmt, men eg er veldig glad eg tok sjansen. Det har vore ei enorm oppleving, seier Grant.

- Stor natur

«Alt for Norge» vart spelt inn i fjor vår og gjennom serien fekk Grant reise og prøve mykje forskjellig. Programma har gått denne våren på tv og nyleg kunne vi sjå at Grant gjekk ut.

Han har vore bonde, drukke øl med to tampongar med russen, opplevd Svalbard, rafta og rappellert.

- Norge har fantastisk natur. Den er rett og slett fantastisk, seier Grant mens han smaker spekemat for fyrste gong.

- Kjempegodt, men litt salt, fortel Grant. Han vann ikkje konkurransen, men fekk likevel ordna i stand ein tur for å besøkje slekta si i Heidal.

- Dette håper eg vil gje grobotn for noko meir. For min del er det viktig å vise fram for ungane mine kor familien min kjem frå, seier Grant.

Kommunikasjon gjennom tolk

Erling fortel at han tykkjer det er spanande å få besøk frå Amerika.

- Eg har følgt ivrig med på tv når programmet har gått. Utifrå det eg har sett på tv verkar han som ein ålreit fyr, seier Erling. Kommunikasjonen til Grant går mest gjennom mykje smil og nokre handbevegelsar når han gjester garden i Heidal. Erling kan ikkje mykje engelsk.

- Heldigvis er det tolk her, men eg skulle gjerne ha kunne prata meir engelsk, seier Erling. Grant føler det på same måte.

- Eg har plukka opp nokre norske ord, men eg skulle ynskje eg prata norsk. Kanskje det kjem på sikt, seier Grant og smiler.

Over ein million nordmenn utvandra til Amerika frå 1825 til 1975. Mesteparten reiste for å få eit betre liv. Fredag kan du høyre Sverre Mørkhagen og Torill Brekke debattere om norsk utvandring til Amerika i Krem debatt under Norsk Litteraturfestival.

På forsiden nå


...

Toget kjørte med mor - barna sto igjen

To små barn og en småstresset mamma fikk seg en overraskelse på Vinstra stasjon.

...

Hva vet du om kjente døler?

En kar fra Vinstra tok gull under OL i Sotsji. Hvem? Og hvilket yrke hadde Anders Sandvig?

God påske fra sofaen!

Se flere påskebilder fra GDs lesere her!

Fabrikk vart brakkelandsby

Nå er det liv og røre på sponplatefabrikken i Kvam igjen. Brakkelandsbyen til E6- utbyggjaren sørgjer for det.