Folk strøymer til dansefestivalen på Sel tidlegare enn før, og nå håpar arrangøren på ny rekord. Da blir det fort tjue tusen...
- Enormt kor tidleg folk er ute i år da, utbryt Kjell Harald Olsen. For niande året på rad kjører han og familien 80-90 mil frå Jæren for å få med seg dansefestivalen på Sel, like mange gonger som den har vore arrangert.
Like ved står det ein rosa buss med påskrifta Krydderjentene. Ei kjem frå Tromsø, ei anna frå Vesterålen og Orkdal, den tredje frå Sandefjord. I alt 11 i same følgje som møtest for å vera saman 14 dagar i eitt strekk kvart år. Dei kjem direkte frå dansefestivalen i Seljord.
Håpar på rekord
Ein del kom laurdag, enda fleire søndag og i går, sjølv om det er først i kveld det tek til når Beatniks, The Playtones, Ole J. (Bekkemellem, red.anm.) & The Kings Men, Dires Strait Night og evigunge Sven Ingvars entrar storteltet på Jørundgard i nemnde rekkefølgje.
- Veldig til rush, nå har visst folk som har vore i Seljord oppdaga at det er festival her også, seier arrangør Øystein Ulen.
Han er ikkje lei segover stadig større interesse, men det kan til tider bli vel hektisk. Det pågår legging av nytt golv, matteltet er bytt ut med ein stor lavvo på heile 700 kvadratmeter, og det er oppsett fleire mindre lavvoar som skal brukast til dansekurs.
Ulen håpar på ny rekord, men mest av alt at værgudane spelar på lag, slik at folk skal få det triveleg på festivalcampingen. Det har alt å seia.
Dei siste åra har det vore innom 19.000 menneske. Festivalen på Sel titulerer seg som den største i sin sjanger.
Fjernsynssending tirsdag kveld
Dansefestivalen i Sel har fått NSBs miljøstipend for gode transporttiltak under Dansefestivalen, og dette blir det lagt merke til. NRK1 «Sommeråpent» skal i kveld sende direkte frå dansefestivalen, om alt går som planlagt.
– Kjempereklame, seier Ulen.
Her er NRKs sommeråpent på nett-tv
Ektemake Rita set folk i sving rundt omkring.
- Dette er dei meste verdifulle damene vi har, seier ho og tek eit godt tak i Inger Grindhaugen og Kari Solberg. Som alltid, nær sagt, stiller dei opp for å vaske doar – som det blir stadig fleire av. Seks nye i år og 48 i alt, om dei har rekna rett. Seks deler på vaskinga.
- Vi skal ordne mat, fortel tre unge jenter frå Vinstra i full gang med vaskefilla.
Anne Marie Lillegård (16), Anne Marthe Heide (14) og Ane Klypen (16) har fått seg festivaljobb i kiosken ved inngangen.
- Vi trur det blir morosamt, for det har alt kome mykje folk og så håpar vi å tene litt på dette også, seier dei tre blide fronsjentene.
Mimre litt?
Her er alt om fjorårets Dansefestivalen i GD
og her Alt om Dansefestivalen 2008
Du kan tipse oss på flere måter:
Telefon: 977 21 000
E-post: tips@gd.no
SMS eller MMS med bilder til 2097 med kodeord GDTIPS + meld
Legg inn dine arrangement i kalenderen på gdpuls.no, og det kommer automatisk her og i papiravisa! Her er siste i kategorien konsert, teater, musikal, revy og dans:
Anette Musdalslien (29) jobber som journalist i GD. Hun er for tiden ute i foreldrepermisjon med nummer to. Bli med inn i ammetåka, diskuter, del gleder – og frustrasjoner:
Her er Anettes ammetåke