Spelemann Asbjørn Stensrud samanlikner Folkorgs handsaming av Landsfestivalen i runddans med eittbornspolitikken i Kina.
Asbjørn Stensrud, aktiv felespelar i Sør-Fron spelemannslag og djupt engasjert i runddansmiljøet, sparer ikkje på krutet når han kritiserer folkemusikk- og danseorganisasjon Folkorg. I en kronikk i GD onsdag 28. juli, setter ha likskapsteikn mellom Folkorgs behandling av Landsfestivalen og konsekvensane av Kinas eittbarnspolitikk. «... der sett ein det uønska barnet ut i skogen for å døy. Folkorg skal ha ros for at avlivinga er human, den skjer raskt og smertefritt» skriv Stensrud.
Musikalsk mobilisering
Bakgrunnen for kronikken er blant anna erfaringane frå Landsfestivalen i Nordfjordeid i juni. Talet på deltakarar og publikum er nedadgående, og stemninga tilsvarande dalande.
- Folkorg har skrevet i sine vedtekter at Landsfestivalen og Landskappleiken skal vere to sidestilte arrangement. Det må få konsekvensar. Det er skremmande å sjå kor lite Folkorg prioriterer runddansmusikken, seier Stensrud. Han seier at grasrotmiljøet vil komme med konkrete forslag overfor Folkorg og måten de må ta tak i Landsfestivalen på, seier han.
-Kva for forslag er det snakk om?
- Vi må finne måtar å lokke publikum tilbake til Landsfestivalen. Kor er den interne festivalradioen, den spanande lokale maten og den stilige designen på logoane? Eg var sjøl på Vinjerock i Eidsbugarden i helga. Det var eit godt døme på korleis festivalar bør arrangerast. Dei driv kommersielt samtidig som dei ivaretek publikum på en god måte, seier Stensrud.
Harde realitetar
Maria Høgetveit Berg, styreleiar i Folkorg, deler Stensruds uro for utviklinga av Landsfestivalen.
- Han gjer uttrykk for ein frustrasjon mange følte på under årets arrangement, men eg veit ikkje av at landsfestivalen er forsøkt avliva, seier ho.
Laber interesse
Berg understrekar at Folkorg knapt har eksistert eit år, og at mange diskusjonar om dette temaet gjenstår.
- Den gamle bygdefesten, som var sentrum for utviklinga av runddansmiljøet, er ikkje der lenger. Kva som skal vere Folkorgs ansvar i dette skal vi drøfte vidare.
- Kan du love at Landsfestivalen ikkje skal avlives, slik Stensrud fryktar?
- Det er i alle fall ikkje planen. Folkorg skal drøfte saka, og det er klart at det kan vere aktuelt å finne andre måtar å stimulere rundansmusikken på. Vi må innsjå at interessa for den type dans Folkorg representerer, er synkende, seier Berg.
Du kan tipse oss på flere måter:
Telefon: 977 21 000
E-post: tips@gd.no
SMS eller MMS med bilder til 2097 med kodeord GDTIPS + meld
Legg inn dine arrangement i kalenderen på gdpuls.no, og det kommer automatisk her og i papiravisa! Her er siste i kategorien konsert, teater, musikal, revy og dans:
Anette Musdalslien (29) jobber som journalist i GD. Hun er for tiden ute i foreldrepermisjon med nummer to. Bli med inn i ammetåka, diskuter, del gleder – og frustrasjoner:
Her er Anettes ammetåke