...
Foto: Halgrim Øistad

Landsfestivalen i gammaldansmusikk

Det er synd at den økonomiske sida og spenninga ved å møte danseglade for tida er svak for mange gammaldansgrupper, men i mangel av danseoppdrag kan også utøvarar av gammaldansmusikk finne saman om musikken.

DAGENS GJEST: Av Ivar Schjølberg, Vågå, tidl. leiar i Landslaget for Spelemenn
Publisert 30.07.2010 kl 12:02 Oppdatert 30.07.2010 kl 14:38

Tips en venn på e-post:

Det har den seinare tida vore eit par innlegg om Landsfestivalen i gammaldansmusikk. I GD 21.juli gjer Jostein Hernæs seg til talsmann for ei høgrepopulistisk løysing på korleis Landsfestivalen skal blomstre.

I GD 28.juli skriv Asbjørn Stensrud om framtida til festivalen: Landsfestival for fall?

Eg klårgjer med ein gong at eg er svært på line med Stensrud. Det er på tide å sjå etter ein profesjonell partnar, og denne må vera privat, skal vi tru Hernæs.

Sjeldan ser vi klårare leiting etter private løysingar, og kanskje ein slags nostalgi i høve til Titanofestivalen?

Det er somme som ikkje heilt har tilgjeve det tidlegare Landslaget for spelemenn (Lfs) at det gjekk inn i konkurranse med Titanofestivalen.

Hernæs går så langt at han påstår at Titanofestivalen meir enn noko anna skapte ei publikumsbølgje, og at Landsfestivalen var bygd på denne bølgja. Dette er etter mi meining ei grunn analyse. Eg trur det var slik at Titanofestivalen fanga opp og kanaliserte ei interesse som alt var der.

At Lfs gjekk inn og skapte eit stemne med ei heilt anna kvalitet, var rett og slett nødvendig, mest av kulturpolitiske årsaker. Titanofestivalen var slett ikkje profesjonell.

Eg deltok ein gong, og det var ei oppleving der eg ikkje kjende meg i vareteken som utøvar. Titanofestivalen var god på å reklamere for å få mykje publikum, men i denne prosessen kom musikarane, musikken og det kulturelle i bakgrunnen. Eg hugsar utsegner som var nokolunde som dette: «Når flesket i pannen braser, da er det liv.» Arrangørane gjorde lite for bremse på inntrykket av at alkohol og gammaldans er to sider av same sak. Nok om det.

Hernæs og eg er einig om at det er ingen vits i å ta i bruk ordet «runddans». Her gjeld det å ikkje bli sekterisk.

Ordet runddans var forresten med som ein undertittel da Landsfestivalen vart til. Hernæs seier vidare at gammaldansfestane døydde omtrent samtidig med at dugnadsånda vart borte. Eg trur at det er meir komplisert enn som så:

- Det har vorte nye samværsformer, og det er vanskeleg for lag og foreiningar å få til overskot om dei tek bryet med å arrangere. Ikkje minst blir ungdom og folk elles påverka av ein kapitalsterk amerikansk musikkindustri og kulturen rundt denne.

- Så har vi ei allmennkringkasting, NRK, som fullstendig ignorerer folkeleg musikk og dans. Det ser ut til å vera ei sterk motvilje mot å komma i møte sterke krav om ein annan kurs her.

NRK gjer tydelegvis alt dei kan for å stø opp om amerikanske kulturytringar.

Den nye folkemusikkorganisasjonen er meir enn profesjonell nok når det gjeld å arrangere. Det er meir spørsmål om viljen til satsing, finne gode løysingar, og hugse fokus frå oppstarten: Der trur eg Stensrud har eit poeng eller to. Musikken og utøvaren skal vera i høgsetet.

Eg var ikkje i Nordfjordeid, men eg har høyrt at det var problem med å få til lydprøve. I så tilfelle er det noko som går ut over kvaliteten. I den seinare tid har eg registrert at det blir prøvd billegare løysingar med lydproduksjonen. Dette kan også gå ut over kvaliteten på stemna.

Sentralleddet i organisasjonen må nok satse sterkare både på marknadsføring og følgje opp kvalitetsnormer.

Kan Hernæs tenkje seg at private kjem inn og tek over songarstemna eller korpsstemna oppover dalen fordi slike kan vera meir profesjonelle? Da skal det nok blomstre opp.

Hernæs viser til Øystein Ulen og Øystein Rudi som eksempel på gode tiltak. Det er berre å bøye seg i støvet for det dei får til, og kanskje har dei gode idear for Landsfestivalen også. Da er det verdt å lytte, men når utøvarane sjølve har fått handa på rattet, er det ingen grunn til å gje frå seg styringa.

Det er synd at den økonomiske sida og spenninga ved å møte danseglade for tida er svak for mange gammaldansgrupper, men i mangel av danseoppdrag kan også utøvarar av gammaldansmusikk finne saman om musikken. Det er det mange spelmannslag, strykeorkester og ymse band som gjer. Kanskje peiker pila oppover om ikkje lenge?

En skadet i utforkjøring på Lesjaverk

Nyheter En eldre mann kom lettere til skade i en utforkjøring på Lesjaverk i 17.30-tiden i dag. Les mer

...

Møtte ikke i retten

Nyheter Bussjåføren skal ha satt fyr på sin egen buss. Les mer

...

Ringebu-rådmann: Seier nei til storkommune i midtdalen

Nyheter - Ringebu kommune bør sjå sørover, ikkje nordover, seier rådmann Les mer

SKJORTER: Stativer fulle av vareprøver - alt designet av Geir Henning Aaløkken.

Inspirert av bestefar

Åpner butikk nummer 25

...

Møtte ikke i retten

Nyheter Bussjåføren skal ha satt fyr på sin egen buss. Les mer

Mest leste kultursaker

Tips GD

Du kan tipse oss på flere måter:

Telefon: 977 21 000


E-post: tips@gd.no


SMS eller MMS med bilder til 2097 med kodeord GDTIPS + meld

Eller du kan benytte dette skjema

Legg inn dine arrangement i kalenderen på gdpuls.no, og det kommer automatisk her og i papiravisa! Her er siste i kategorien konsert, teater, musikal, revy og dans:

Siste kinoanmeldelser

...
Terningkast: 6

Tapt, på alle fronter

Film ARMADILLO

Dansk Afghanistan-dokumentar

Regi: Janus Metz Les mer

...
Terningkast: 6

Nobelpris til «Toy Story»

Film TOY STORY

Amerikansk animasjon

Regi: Lee Unkrich Les mer

Siste musikkanmeldelser

...
Terningkast: 5

Melanie, Melanie

Musikk MELANIE SCHOLTZ

Connected

Loudberry Les mer

...
Terningkast: 4

En god mann

Musikk ROY LØNHØIDEN

Tilbake i tid

(De beste sangene)

Universal Les mer

Kultur - siste nyheter nå

...

Tora Berger kvitterte for Pillarguriprisen

Kultur Tora Berger kvitterte for Pillarguriprisen med å syne fram OL-gullet til eit fullsett Otta kulturhus som applauderte taktfast for eit festprogram somogså smakte av gull... Les mer

...

- Dette må bli tidenes mest spennende TV

Nyheter Mari og Erlend måtte gjennom harde prøvelser for å komme gjennom nåløyet, og har store forhåpninger til «71° nord». Kunne du ha tenkt deg å være med? Les mer

...

GDs kulturpris til hemmelig teater

Kultur GDs kulturpris for Gudbrandsdalen går til Det Hemmelige Teater. - En stor og gledelig overraskelse, sier teatersjef Audun Gjermstad. Les mer

Mest sette leserbilder nå

...

Bli med inn i ammetåka

Anette Musdalslien (29) jobber som journalist i GD. Hun er for tiden ute i foreldrepermisjon med nummer to. Bli med inn i ammetåka, diskuter, del gleder – og frustrasjoner:

Her er Anettes ammetåke
...

Se de nye medlemmene

...
Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!

TIPS OSS

Telefon: 977 21 000
SMS: GDTIPS + mld til 2097
MMS: GDTIPS + mld til 2097
E-post: tips@gd.no

KONTAKT OSS

Telefon 61 22 10 00
Besøksadr: Jernbanegt. 13, Lillehammer
Postadr: Postboks 954, 2604 Lillehammer
E-post annonse: annonse@gd.no
E-post abonnement: abonnement@gd.no

Lokalkontor

Vinstra - telefon 61 22 10 00
Otta - telefon 61 22 10 00
Lom - telefon 61 22 10 00

Redaksjonen

Ansvarlig redaktør: Kristian Skullerud
Redaktør: Hallvard Grotli (politisk)
Redaktør: Anne Stokke (nyhet)
Redaktør: Kine Søreng Hernes (kultur/feature)
Redaktør: Hans Petter Eide (produksjon)

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.