Tora Berger kvitterte for Pillarguriprisen med å syne fram OL-gullet til eit fullsett Otta kulturhus som applauderte taktfast for eit festprogram somogså smakte av gull...
På høg tid med ein person frå eige distrikt, fastslo ordførar Dag Erik Pryhn da han i går kveld tildelte Tora Berger Pillarguristatuetten og la til at det vitna om at komiteen stiller strenge krav.
Berger er nummer 15 i rekkja av staute kvinner som mottek heideren.
Den bunadskledde gullmedaljevinnaren frå Vancouver kvitterte med å syne fram Norges OL-gull nummer hundre til eit festkledd publikum som fylte godt som alle rader i Otta kulturhus.
Vi tør påstå at ingen angra på at dei hadde møtte fram. Programmet var fullspekka med godbitar på høgt nivå – slik det høver seg ein gull- og statuettvinnar – og latteren sat laust under programleiing av slagferdige Ole Johnny Bekkemellem, og ikkje minst da skiskytterlæremeister Jørgen Berg-Domås fortalde om oppveksten med nygifte Tora og ymta frampå om at det snart var på tide å gøyme seg bak ein einbærbusk med tanke på rekruttering...
Oslo Caledonian og Bergen Pipe band spelte publikum inn, Chris Mail vidareførte sekkepipetonane inne på scena før ”skåpdølane”, som programleiaren uttrykte det, Ingeborg Dalheim, Dovre, og Liv Renate Elnes Hovengen, Høvringen, tok festlyden med inn i ei toneverd som det ikkje er ofte å høyre her på berget. Sommarnatt ved fjorden og Summertime. Dei fekk også avslutta med mektige Amazing Grace saman med Chris Maile. Toradergruppa på 2. rad spelte vals og reinlender og fire ungjenter frå barnekoret sjarmerte med vakre, svenske folketonar til tonefølgje av Paul Gunnar Lien, Anethe Kleven og Jon Sneve. Desse tre stilte også med eigen trio i den vakre svenske ”Skjenklåt från Leksand”.
Du kan tipse oss på flere måter:
Telefon: 977 21 000
E-post: tips@gd.no
SMS eller MMS med bilder til 2097 med kodeord GDTIPS + meld
Legg inn dine arrangement i kalenderen på gdpuls.no, og det kommer automatisk her og i papiravisa! Her er siste i kategorien konsert, teater, musikal, revy og dans:
Anette Musdalslien (29) jobber som journalist i GD. Hun er for tiden ute i foreldrepermisjon med nummer to. Bli med inn i ammetåka, diskuter, del gleder – og frustrasjoner:
Her er Anettes ammetåke