Sjakkesset Magnus Carlsen er stolt over å vere årets Peer Gynt
Onsdag kveld er den offisielle overrekkinga av Peer Gynt-prisen til sjakkesset Magnus Carlsen (20) på opningsframsyninga av Peer Gynt-stemnet. På formiddagen var han på Peer Gynt-garden på pressetreff.
- Det er ei stor ære å få prisen. Det er jo store namn før meg som har fått prisen, seier Carlsen.
Utover frå garden ser han utover ein vakker Gudbrandsdal og dei beste minna for Carlsen for han frå dalen er da han var i Gausdal på sjakkturneringar da han var liten.
- Ellers forbind eg Gudbrandsdalen mykje med fjellet, seier Carlsen.
- Bra for sjakksporten
Peer Gynt-prisen går til ein person eller institusjon som har markert seg positivt på det samfunnsnyttige plan og som har gjort Norge kjent i utlandet. Carlsen er ein av verdas beste sjakkspelarar og det er enorm interesse for ungguten.
- Eg set veldig pris på at folk legg merke til, og interesserer seg for, mine resultat på eit sjakkbrett. Det er ingen sjølvfølgje i ein sport som mange kan oppleve som utilgjengeleg. Dette er bra for sjakkens anseelse, seier Carlsen til GD.
Det er Stortingsrepresentantane som bestemmer kven som får prisen. I fjor fekk «Dissimilis» prisen.