Lomsrussen programmerte at dette er ein undergangsrevy. Men der gjekk dei fem på!
Det er framført mange gode revyar frå Lomsrussen gjennom åra. Men årets utgave er kanskje den beste. Det var fullt trøkk frå først til sist.
Lomsrussen 2012 sin revy Fæmm på 12 ein undergangsrevy ber preg av gode tekster. Ordspela er glimrande. Innslaga kjem som perler på ei snor. Her er det ikkje daudpunt. Og ingen som såg premieren vil få andre varige men enn såre lattermusklar. For her skal ingen føle seg støytt.
For fullsett sal i Vågå Kulturhus tok Lomsrussen publikum med på ein vandring gjennom Ottadalen. Frå øvst oppi Bråtå til Lalm og vel så det. Lomsrussen har også sin eigen rakefiskfestival, pirattaxi, feit vom, naturopera, møkkaband, epedimi. Dei var på kokkekurs hos Arne. Det gjekk ganske vilt for seg, og kokkane stod att i truser om berre så vidt gøymde edle delar. Dei har sin eigen versjon av ingen grenser, eit grensesprengjande innslag som sette latterdøra på vidt gap. Den stod vidopen også under det enkle, men gode innslaget om døra.
Med god hjelp av Endre Skjåk har Lomsrussen gjort eit framifrå arbeid. At det hende at det gjekk litt i stå med tekstene, betyr ingen ting.
Lomsrussen har også i år leig inn eige band, med Reidar Svare i spissen. Det gav god lyd frå seg.
GD-leserne sendte oss noen glimt fra Tour of Norway lørdag 18. mai.
Se bildene her