Spranget teater sjarmerte to fullsette kulturhus på Otta. Det dei framførte frå scena var magisk.
TEATER
SPRANGET TEATER
Otta kulturhus, fredag og laurdag.
Fullt hus begge dagane
OTTA:«Æ døkk klare» ropes det frå bak scena før framsyninga tek til. Til svar får personane i Spranget teater eit rungande «ja» frå publikum.
For den som ikkje har vore og sett Spranget teater før er det vanskeleg å vite kva ein skal forvente. Men rykta etter braksuksessen frå 2010 har vore umogleg å ikkje få med seg. Da vart det sagt at dette er ei framsyning av personar med eit stort hjarte.
Enorm speleglede
Og du verda som dei klarar å sjarmere folket med si speleglede. Standarden blir sett allereie i fyrste nummer med opningssong før det musikalske geniet Andreas Jordhøy kjem fram på scena og spelar dei vakraste tonar frå munnspelet sitt. At han beherskar fleire instrument på høgaste nivå viser han fram da han spelar opp til dans på sin tuba. Rett og slett imponerande.
Mindre imponert blir vi ikkje da Elisabeth Trettengen entrar scena i sin nydelege kvite kjole og framfører «Sommerfugl i vinterland», skrivi av Halvdan Sivertsen, med ei nydeleg stemme og innleving vi berre kan beundre.
Øvd i mange månader
Men det er ikkje berre på musikkfronten aktørane i Spranget teater klarer å imponere. Også lattermusklane til publikum klarar dei å få i gong og her står Ole Christian Josten, Olai Lundby og Svein Ingolf Breland i bresjen for artigheitane. På sidelinja supplerer Ole Jonny Bekkemellem og Per Midtstigen med god musikk slik at poenga til aktørane sit som eit skot.
Dei passande orda til det som blir framført kjem Fridtjof med da han entrar scena på mopeden sin: «Den satt i sikringsboksen!».
Dei psykisk utviklingshemma i Spranget teater har øvd i mange månader til desse framsyningane og det var lett å sjå at fleire av dei som står på scena har vorte varme i trøya, spesielt med tanke på at dei stod på scena for fyrste gong i 2010. Ei av dei som verkeleg stel showet og flørtar med publikum er Julie Teige. Ho er ikkje redd for å vise seg fram og sjarmerer publikum under fellessongen om Solskinn og sang. Godt akkompagnert av resten av gjengen i Spranget. Publikum klappa og lo om kvarandre og vi kan berre takke aktørane i Spranget for ei fantastisk framsyning. Så gode var dei. Vi avsluttar med orda til Jørgen Hattemaker til ettertanke.
«Både eg og Kong Salomo kom like til verda».