Lite bråk og mykje folk. Cowboyfesten i Skjåk er over for denne gang.
Sheriffen sjølv, arrangør Geir Ove Melby, oppsummerer countryfesten i Skjåk slik.
- Vi er kjempetilfredse. Allereie har vi fått mange forhåndsbestillingar til neste år og årets festival har gått på skinner. Vi har ikkje fått ei einaste negativ tilbakemelding. Einaste som gjekk gale var at straumen gjekk ei stund fredag kveld, men det er slik som skjer. Eg vil takke mannskapet på 150 personar som har lagt ned ein kjempeinnsats og ein spesiell takk til Alf og Elin (Hosarøygard) som har stilt opp ekstra for oss. Dette gje meirsmak og vi har allereie starte å tenke på neste år. Oppmøte var slik som i fjor seier Melby.
GD prata med mange cowboyar i løpet av festivaldagane og tilbakemeldingane går på at festivalområdet er passe stort og at dei gamle bygningane på garden i Nordberg fører til ei heilt spesiell stemning.
Sjølv om to cowboyar målte krefter med ein nevekamp der ingen hamna på den lokale sjukestua, melder politiet om at countryfolket oppførte seg eksemplarisk.