ARNFINN ENGEN
Skysstell og skysstasjonar i Gudbrandsdalen
Bruket forlag
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.| Ketil Sandviken | |
| Publisert 21.12.2009 kl 23:05 Oppdatert 21.12.2009 kl 23:05 |
Gudbrandsdalen har vore ei hovudferdselsåre mellom nord og sør så lengje ein kan minnast, og med dei transportmidla som fanst før i tida måtte ein ha stoppestader med jamne mellomrom. Skysstasjonane vart på mange måtar bindeleddet ut mot verda og ber på mykje historie.
Den gamle transportordninga før bil og jernbane, skysstellet, er det skrive lite om, men det har tidlegare fylkeskonservator, årbokredaktør og historikar Arnfinn Engen gjort noko med. Han er tidlegare kjent for innhaldsrike og pålitelege bøker om freda hus og gardstun, treskurd og treskjerarar i Gudbrandsdalen, oppslagsverk som eg jamnleg har nytte av som bladfyk i same dalføre. Den nye boka om skysstellet blir på ein måte eit tredje bind om vår lokale kulturhistorie, samstundes som den blir eit verdifullt bidrag til Norgeshistoria.
Engen tek først for seg organiseringa av skyssen frå 1700 til slutten av 1800-talet, andre del er om skysstasjonane i kvar einskild bygd.
Sjølv om dette ikkje ligg så langt attende i tid, er nok mange av skysstasjonane ukjente for folk flest. Har du høyrt om Bruvik på Lalm, eller Sønstevoll i østre Gausdal og Mo i Forset? Fullt så ukjent og unaturleg er det ikkje med fleire av turiststadene på Dovrefjell. Skysstasjonane var elles ofte avgjerande for kvar jernbanestasjonane vart plasserte, var eit sentralt tema i mange av reiseskildringane som vart skrevne på 1800-talet og ikkje reint få kunstnarar og fotografar fanga inn motiv på tur gjennom dalen, eller ved opphaldet på ein skysstasjon. Mange av desse bilda er å finne att mellom desse permene, og er med på å gjera boka om skysstellet i Gudbrandsdalen til god og viktig lokal- og rikshistorie.
Du kan tipse oss på flere måter:
Telefon: 977 21 000
E-post: tips@gd.no
SMS eller MMS med bilder til 2097 med kodeord GDTIPS + meld
Legg inn dine arrangement i kalenderen på gdpuls.no, og det kommer automatisk her og i papiravisa! Her er siste i kategorien konsert, teater, musikal, revy og dans:
Kalenderen fra gdpuls.no | ||
PerGyntstevne Dennis Storhøi strålte i premiera av årets Peer Gynt. Les mer
Anette Musdalslien (29) jobber som journalist i GD. Hun er for tiden ute i foreldrepermisjon med nummer to. Bli med inn i ammetåka, diskuter, del gleder – og frustrasjoner:
Her er Anettes ammetåke