ARILD SKAR
Langs Laugen
Valsfjellprodukt
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.| Ketil Sandviken | |
| Publisert 19.12.2009 kl 09:31 Oppdatert 19.12.2009 kl 09:31 |
Det strøymer på med CD’ar i førjulstida, og dei fleste er vinkla inn mot tradisjonar og høgtidshelg. Da er det befriande å kunne setja på ei ekte dølaplåte med klang i målet.
Arild Skar frå Sør-Fron er mann for alle tekster og melodiar på ”Langs Laugen”, 10 utvalde frå 1983 til 2007, og er attpåtil vokalist i alle.
Han har fått god hjelp av produsent og arrangør Pål Erik Jensen, som trakterer ei mengd instrument; gitarar, bass, mandolin og keyboard. Sambygdingane Bent Bredeveien, Svein Ivar Sæther, Tormod Myrvang og Øyvind Skurdal bidreg på piano, trommer og som kor.
I utgangspunktet trudde eg dette var ei hurramegrundtskive som ein vart lei av etter å ha høyrt den ein gong. Da tok eg skammeleg feil. Plåta har surra jamnt og trutt i fleire døgn.
Høyrer du nærare etter på Skar sine kvardagsfunderingar, er det god poesi - ”itte greitt å vera vakje nå om dagen, kår går grensa mellom drøm å fantasi” - og ikkje minst eit verdifullt tiltak for å hegne om ei lita, lokal dialekt. Alt er skreve på fronsmål.
Her er undrande viser i rolege drag, men også rocka drag i beste Åge-stil for ”oss som kom frå småe kår på femtitalet”.
Denne utgjevinga fortener honnør og ein aldri så liten kulturpris.
Du kan tipse oss på flere måter:
Telefon: 977 21 000
E-post: tips@gd.no
SMS eller MMS med bilder til 2097 med kodeord GDTIPS + meld
Legg inn dine arrangement i kalenderen på gdpuls.no, og det kommer automatisk her og i papiravisa! Her er siste i kategorien konsert, teater, musikal, revy og dans:
Kalenderen fra gdpuls.no | ||
Anette Musdalslien (29) jobber som journalist i GD. Hun er for tiden ute i foreldrepermisjon med nummer to. Bli med inn i ammetåka, diskuter, del gleder – og frustrasjoner:
Her er Anettes ammetåke