Grendefolket set pris på at Lalm barnehage ivaretek gamle tradisjonar og let alle som ein få smake. Som takk får dei ein engel på deling...
LALM: - Jau, det er klart at det blir mykje ekstraarbeid, men vi har vurdert dette og vel å bruke god tid slik at ungane får lære tillaginga frå botnen av. Det er viktig å ivareta slike tradisjonar, seier pedagogisk leiar Elin Solheim. Lalm barnehage med 36 ungar og 10 tilsette, tre på heiltid, brukar november månad på juleførebuingar i ordets rette forstand. Bakar lefse og peparkaker, bryggjar øl, syltar og steikjer ribbe, kjøttkaker og pølse og set prikken over i-en med sjølvplukka trollkrem til dessert. Verket blir krona med ein storstila middag første søndag i advent, der foreldre, besteforeldre og sysken i småskulealder får delta. Der det er hjerterom, er det som kjent husrom, men sjølv med splitter fine, nye lokale kan det blir trongt i herberget... 150 deltok i år, og det var trettande eller fjortande gongen i nåverande form. Solheim fortel at det tok til med eit prosjekt der ein skulle ivareta og vidareføre lokale mattradisjonar. - Vi et og kosar oss, blir det gang rundt juletreet og sjølvsagt kjem nissen. Solheim fortel at ungane har store forventingar til den første søndagen i advent. Etter kvart dei vaksne også. Første søndag i advent i Lalm barnehage har fått ein status det går gjetord om. Føresette blir også trekte inn på andre måtar. Da vi var innom sist måndag, var besteforeldre invitert til å vera med og stelle til juledekorasjonar. Ingen tvil om at smårollingane treivst med å få hjelp av folk med lang erfaring – sjølv om det ikkje alltids er like lett å hugse korleis ein fin julekorg skal flettast når det er årtier sia sist. Men det går som regel lettare når ein har fleire strengjer å spela på...
Torill Sæther Krekke var bare ni år gammel da hun mistet sin mor i kreft. Det har tatt år å bearbeide tapet. Hun tar oss med inn i sorgen og savnet gjennom en gripende kunstutstilling.
Se bildeneKlart romantisk og feminint, men rikelig anledning til å rocke opp antrekket i vår. GD har kikket på vårmoten.
Se bilderTina Elise Lihaug (21) frå Vinstra har ein jobb som ikkje mange andre har. Ho er glamourmodell.
Sjå bileteAnette Musdalslien (29) jobber som journalist i GD. Hun er for tiden ute i foreldrepermisjon med nummer to. Bli med inn i ammetåka, diskuter, del gleder – og frustrasjoner:
Her er Anettes ammetåke