Glamourmodellen Tina Elise Lihaug (21) frå Vinstra har fått merke at ikkje alle klarer å halde meiningane sine for seg sjøve.
Fjerde april 2009 er det hengt opp store plakatar på Otta. Det er «undertøy og wet t-shirtparty» om kvelden på Skifer'n bar. Mens dei nyaste hitlåtane dundrar ut frå høgtalarane, dansar to lettkledde damer tett med kvarandre på ein måte som får dei fleste gutane til å sikle. Avrivinga av ei gjennomsiktig kvit t-skjorte blir etterfølgd av eit jubelbrus frå forsamlinga. Dama som blottar puppane sine er ei som ikkje tok skulen så alvorleg, droppa lærlingtida si som frisør, mista mor si då ho var fjorten, og skadde seg sjølv i klasserommet. No er ho sjølvstendig næringsdrivande og klarer seg godt i livet. Glamourmodellen Tina Elise Lihaug (21) frå Vinstra bryr seg ikkje så mykje om kva andre tykkjer.
Modell og blogging
Øvst uppi Tokstegrenda på Vinstra, i eit stort og kvitt hus, bur ho saman med sambuar Espen Hansen (27), og ikkje minst Felix, Harley og Cæsar.
- Namna har berre vorte slik. Vi hadde tenkt å kalle Harley for Pastor Pus, men det måtte bli Harley som i Harley Davidson, seier Tina.
Mens hunden Cæsar bjeffar ute, sit husverten og kosar med katta Harley samtidig som ho pratar og skriv på bloggen sin . At ho har besøk av ein journalist fortener to innlegg og eit bilete.
- Hadde eg ikkje vore modell trur eg nok ikkje at eg hadde blogga, men nå bruker eg mykje tid for å profilere meg der. Og så på Facebook da, seier Tina, og lar fingrane gli gjennom pelsen på ein kjærleg malande Harley. At ho bruker mykje tid på bloggen sin, er nok dei 30.000 - 50.000 personane som er innom kvar månad, glad for.
LES OGSÅ: - Ingen grenser for hva jeg blogger
Frå mote til glamour
Sofaen er heilsvart, i stor kontrast til resten av interiøret, som er særs kvitt. Dei store kvite HOME-bokstavane set liksom prikken over i-en. Når Tina ikkje er på modelloppdrag, bruker ho mykje tid på datamaskinen, eller så ser ho på realityshow. «Paradise Hotel» er favoritten.
- Det er eit program eg gjerne ville ha vore med på, men dersom du har kjæraste har du ikkje lov til å vere med. Dette veit eg fordi ei venninne er inne i prosessen og håper å vere med, seier Lihaug.
Det har vorte nokre års erfaring for Tina som modell. Sjølv om det aller meste har vore positivt, er det nokre delar av bransja ho ikkje liker. I starten var ho innom mote, og det er særleg derfrå ho har negative erfaringar.
- Der går dei på catwalken, og presset er knallhardt. Dei får heile tida beskjed om å slanke seg. Det tykkjer eg ingenting om. Innanfor glamourbransja er det akseptert og krav om at du har litt former, seier Lihaug.
Der har ho vore dei siste åra og det har gått bra. Bortsett frå nokre episodar.
- Mi verste erfaring kjem faktisk frå aller fyrste gongen eg skulle opptre. Vi skulle gå bortover ei scene mellom publikum og vi vart lova fullt av vakter slik at ingen kunne røyre oss. Det kom ingen vakter og vi måtte åle oss bortover, seier Lihaug.
- Blir sjalu av og til
Sambuar Espen fortel at det ikkje alltid er like greitt å vere kjærast med ein glamourmodell, særleg når bileta som blir teke av ho hamner fleire plassar enn berre i familiealbum.
- Det er jo klart ein blir veldig sjalu av og til. I tillegg kjem det jo ein del halvperverse kommentarar frå andre gutar, men det er slik som eg må bite i meg, seier han mens han går for å setje på kaffi. Det kan nemleg ikkje Tina.
- Eg veit jo korleis det skal gjerast, men eg veit ikkje kor mykje kaffi eg skal bruke, smiler Tina.
Tener ikkje så godt som folk trur
Vegen Tina har valt er ikkje ein tradisjonell veg. Eit vegskille i livet hennar hende da ho var fjorten år.
- Etter lang tids sjukeleie gjekk mor mi bort. Etter det starta eg å skjære meg sjølv, sjølv i klasserommet. Det var ingen som sa frå før ei venninne tok ansvar. Eg vart sendt til psykolog, og saman med bestemor innsåg eg at eg var på feil veg.
Ho fortel at på denne tida gav ho blaffen i alt, iallfall i skulen.
- Eg brydde meg ikkje om norsken, og det er vel kanskje noko av grunnen til at eg har så mange skrivefeil på bloggen min, seier Tina.
Ho kan fortelje at ho kom seg på vidaregåande, men lærlingtida som frisør vart det ikkje noko av.
- Eg tener ikkje så godt som alle trur. Å hamne på framsida av Vi Menn i sumar fekk eg til dømes berre 5.000 kroner for. Men uansett har eg eige hus og på papiret er eg sjølvstendig næringsdrivande.
- Er ikkje strippar
Det er ikkje alle som likar yrket til Tina. Nokre vil meine det er nedverdigande, andre vil meine det er galt å posere nesten naken på bilete og danse eksotisk på scena.
- Eg er ikkje strippar. Eg har ei grense som ikkje kan brytast, og eg har ikkje vist puppane mine mange gongar. På fotoshoots tykkjer eg det er greitt, det hender til og med eg vandrar naken rundt når vi tek bilete. Det gjer eg for så vidt heime og. Ja, mange av naboane har sikkert sett meg naken, humrar Tina.
- Uansett er poenget mitt at alle folk er forskjellige og må få gjere det dei vil. Dersom ein har private, negative meiningar om kva andre gjer, bør ein halde det for seg sjølv, seier Tina.
Ho snakkar av eiga erfaring og spesielt har eitt minne brent seg fast i hjernebarken.
- Eg gjorde eit oppdrag for eit sportskjede midt på sumaren. Oppdraget var å gå rundt i Oslos gater og skape blest. Dette skulle eg gjere ved å gå i fjellsko, ope fjelljakke og bikini. Mange stirte på meg og plutseleg var det ei eldre dame som greip fatt i armen min. «Du er ein skam for kvinnekjønnet», sa ho.
Tina fortel at det ikkje kunne falle henne inn å svare frekt tilbake, sjølv om det eigentleg var det ho ville.
- Eg svarte roleg og høfleg at det berre var ein jobb. Dei fleste går jo med bikini på stranda, einaste forskjellen var at eg gjekk i gata.
Torill Sæther Krekke var bare ni år gammel da hun mistet sin mor i kreft. Det har tatt år å bearbeide tapet. Hun tar oss med inn i sorgen og savnet gjennom en gripende kunstutstilling.
Se bildeneKlart romantisk og feminint, men rikelig anledning til å rocke opp antrekket i vår. GD har kikket på vårmoten.
Se bilderTina Elise Lihaug (21) frå Vinstra har ein jobb som ikkje mange andre har. Ho er glamourmodell.
Sjå bileteAnette Musdalslien (29) jobber som journalist i GD. Hun er for tiden ute i foreldrepermisjon med nummer to. Bli med inn i ammetåka, diskuter, del gleder – og frustrasjoner:
Her er Anettes ammetåke