Med nærmaste nabo 2,5 kilometer unna bur Live Steihaug Aasheim (27) inst inni Murudalen i Heidal. Saman med 47 hundar ...
- Ja ja, kom igjen Oscar. God gut, roper Live bestemt, men samtidig litt kjærleg til sin førarhund Oscar. Ved sidan av oss har vi den storslegne Heidalsmuen, eller Mukampen som lokalfolket seier, strålande sol imot oss og vind bak slik at vi får ei brukbar fart framover. Framfor sleden har Live sett på tolv hundar, og Oscar, som er av rasa Alaska Husky, er sjefen med stor S.
Godt tilbakelent i sleden er det ei fin oppleving å sjå på den storslagne naturen mens hundane galopperer. Runda vi tilbakelegg over Svarttjønn, ved sidan av Heidalsmuen og snuplass ved Vesl Muvatnet er på rundt 14 kilometer og vi bruker omtrent ein time. Oscar har gjort jobben sin, igjen.
- Det er gromguten sin det. Sjølv om det er to hundar i tet er det alltid han som tek ansvar og styrer resten av troppane, seier Live.
Ved verdas ende
I fjor haust bestemte Live og hennar sambuar frå Skottland, Greg McColm, å flytte til gardsbruket inst inni Murudalen. Nærmaste nabo er 2,5 kilometer unna og nærmaste butikk er over tjue minutt frå bruket.
Kvifor?
- Hehe, det er litt rart å tenkje på at eg skulle busetje meg i Murudalen, som eg før såg på som verdas ende. Men etter å ha budd i Austerrike i fjor, der eg jobba på eit igloohotell, er eg ikkje i tvil om at den norske vinteren er den beste. Det er her eg høyrer heime. Eg er eit steinkast unna høgfjellet, og eg har god plass til hundane mine, seier Live.
Oppvakse med hund
Grunnen til at det er heile 47 hundar på garden er fordi faren, Magnar Aasheim, er hundeentusiast og eig firmaet Dog Sledding Norway. Konseptet går ut på å tilby turistar ei oppleving med hundekøyring i fjellheimen. Dette er det nå Live som skal drive.
- I år skal eg fyrst og fremst konsentrere meg om hundekøyring i konkurranse, men på sikt håper eg å inngå samarbeid med turistbedrifter i området her for å tilby pakkeløysingar til turistar, seier Live.
Ho peikar blant anna på at Sjodalen ikkje er så langt unna.
- Det må vere perfekt å ta med seg turistar på ein dagstur til Sjodalen, seier Live.
Ho fortel at ho er ihuga hundeelskar og at det kan bli litt mykje av og til, og at det er ikkje gratis.
- Vi er jo som ein stor familie, men det kostar å brødfø 47 hundar. Men det er ingenting som slår ein fin solskinsdag på fjellet når hundane jobbar godt. Den kjensla unner eg alle, seier Live Steihaug Aasheim.
Torill Sæther Krekke var bare ni år gammel da hun mistet sin mor i kreft. Det har tatt år å bearbeide tapet. Hun tar oss med inn i sorgen og savnet gjennom en gripende kunstutstilling.
Se bildeneKlart romantisk og feminint, men rikelig anledning til å rocke opp antrekket i vår. GD har kikket på vårmoten.
Se bilderTina Elise Lihaug (21) frå Vinstra har ein jobb som ikkje mange andre har. Ho er glamourmodell.
Sjå bileteAnette Musdalslien (29) jobber som journalist i GD. Hun er for tiden ute i foreldrepermisjon med nummer to. Bli med inn i ammetåka, diskuter, del gleder – og frustrasjoner:
Her er Anettes ammetåke