Undersøking syner at mange studentar har eit stort ynskje om å flytte heim til Nord-Gudbrandsdalen. Arbeid er eit krav for å flytte.
Få vil ha sin første arbeidsplass i Nord-Gudbrandsdalen etter at dei er ferdig utdanna. Små fagmiljø er ein av hovudgrunnane til dette.
Kor blir stadig viktigare
Dette syner funn i ein rapport gjort av Østlandsforskning om bulyst, kjønn og entreprenørskap. Nyleg var Asgeir Skålholt og Ingrid Guldvik frå Østlandsforskning i Vågå for å presentere resultata i rapporten for kommune og regionråd.
- Flyttemotivundersøking frå 2008 syner at færre flyttar på grunn av ein jobb. Familie, stad og bustad er viktigare enn arbeid. Kor du buset deg blir stadig viktigare. Det er noko av det viktigaste valet du gjer i livet, og definerer til ein stor grad kven du er og kva du står for. Kjærastar kjem og går, det same gjer arbeid. Kvar du bur er viktigare, seier Skålholt.
Knytt til barn
Rapporten fortel at studentar har lyst til å flytte heim, men at dei føler at dei må bli eldre og få meir erfaring først.
- Å flytte heim er veldig knytt til det å ha barn. Mange vel å flytte heim når dei får barn, fordi dei vil at barna skal vekse opp der dei sjølve har gjort. Mobiliteten minkar veldig med alderen. Ein må få tak i folk før det er for seint. Det er tre gonger så stor sannsynlegheit for å flytte når du er 25 enn når du er 45, seier Skålholt.
Fleire paradoks
Av rapporten går det fram at dei som aldri flyttar ut, eller dei som er nyinnflytta, har betre stadtilfredsheit enn dei som flyttar attende.
- Somme vil tenkje:”var dette alt?” om dei flyttar heim. Det er ikkje godt nok å ha ein god jobb ein stad. Det må og vere høve til å kome vidare. Mange gir uttrykk for at dei set stor pris på moglegheitene for å påverke lokalsamfunnet. Samstundes ynskjer folk større fagmiljø. Smått er bra, men uttynningssamfunn er ei utfordring. Eit paradoks er at folk vil bu landleg, men ikkje for grisgrendt. Folk vil ha betre tid nå dei flytter heim. Det får dei ikkje viss dei må køyre mykje, seier Skålholt.
Råd
Fleire kvinnelege gründerar har vore intervjua om etablering, og det har kome fram fleire råd i samband med dette. Det blir peikt på at ordføraren er viktig, og bør brukast meir i næringsutviklingsorgan. Det burde vore enklare å leige lokale, og kvar kommune burde hatt ei konkret informasjonspakke om kva kommunen kan tilby. Det blir og peikt på at det er betre å gje mykje pengar til få, enn litt til alle.
- Eg tykkjer det er viktig at vi i etterkant går inn på funn som krev nytenking frå vår side, og at vi tør dette, uttrykte Ole Aasaaren etter presentasjonen.
- Greier ikkje norddalen å gjere seg lekre om faktiske kvalitetar, taper vi kampen om innbyggjarane i framtida, sa ordførar i Vågå, Rune Øygard i samband med presentasjonen.
Starta med prosjekt
”Jenter mot strømmen” er eit prosjekt som såg dagens lys etter ein erfaringskonferanse for kvinneetablering i Lom hausten 2006. Barne- og likestillingsdepartementet var medarrangør. Dei oppmoda regionen til å arbeide vidare med tanke på kvinneetableringar og busetjing i regionen. Formålet med prosjektet er at regionen skal få auka kunnskap om samanhengar mellom likestilling, bulyst og næringsutvikling/arbeid, og kva for rolle kjønn har å si for dette. Målet med analysen er å auke kunnskapen om tilflytting og bulyst blant kvinner, kome fram til strategiar og tiltak for å auke kvinners bulyst og bidra til næringsetableringar blant kvinner og rekruttering av kvinner til ulike typar stillingar.