TRIUMFEN: For ti år gamle Sondre Olsen-Bye frå Dombås var det ikkje nok med eit NM-gull og ei jente. Han «swinga» seg med to, og tok to gullmedlajer!
Du kan tipse oss på flere måter:
Telefon: 977 21 000
E-post: tips@gd.no
SMS eller MMS med bilder til 2097 med kodeord GDTIPS + meld
| Vidar Heitkøtter | |
| Publisert 08.11.2006 kl 22:25 Oppdatert 08.11.2006 kl 22:25 |
DOVRE: Norgesmesterskapet i swing og Rock'n Roll i Fauske sist helg vart ein tindrande triumf for Toftemoswingen Danseklubb på Dovre. Ingen annan klubb oppnådde slike resultat:
I klassa «gutt med to jenter», oppnådde Sondre Olsen-Bye gullmedalje saman med Maria J. Øvstedal (10) og Cecilie Kappelslåen (12). I «Folkeswing barn» overtok Maria rolla som gut, og dansa til gull saman med Cecilie. I same klassa, tok Hanne Liven Slette (10) og Sondre Olsen-Bye tredjeplassen og bronsemedalje.- Fantastisk artig. Klart vi er stolt av eit slikt resultat, smiler Aslaug Vorkinslien, med varm klem og store gratulasjonar til NM-vinnarane. I går «feira» dei NM-suksessen med ny treningskveld på Toftemo Turiststasjon. Sju forskjellige dansegrupper var i aksjon frå tidleg ettermiddag, til seine natta.
Toftemoswingen markerte seg sterkt då over 70 dansepar frå heile landet stilte opp i Fauske Idrettshall. Men det var ikkje fyrste gongen. Danseklubben på Dovre har henta heim mange medaljer på NM og Snøhetta Cup gjennom åra. I klassa «Folkeswing senior kl A» swinga Ellen Anita Kristiansen og Jan Åge Olsen-Bye seg opp til ei svært god plassering.Toftemo er ein av dei største danseklubbane i landet med 409 medlemmar i alderen frå fire til over 90 år. Drivkreftene er instruktørane og styremedlemmane, 15 totalt.- Vi hadde ikkje fått til dette utan samarbeidet med Toftemo Turiststasjon. Vertskapet er strålande. Vi styrer oss sjølve, her har vi alt utstyret vårt. Det er nesten som om vi eig ein del av turistbedrifta, seier Aslaug Vorkinslien i sin takk til eigarane.
Rolf Viken, Øyer, og Janne Grandalen, Lillehammer, forsvarte NM tittelen fra 2004 og 2005, og tok med seg vandrepokalen i folkeswing heim til Lillehammer. Lillehammer swingklubb stilte med fem par i folkeswing, samtlige kvalifiserte seg til A - klassa.
Vaksen A
Nr. 1 Rolf Viken - Janne Grandalen
Nr. 5 Knut Erik Haug - Hilde Granum
Nr. 6 Anders Galtrud - Beate Hofstad
Nr.10 Erling Vangen - Jonhild Løkken
Senior A
Nr. 2 Knut Erik Haug - Hilde Granum
Nr. 6 Roger Larsen - Olaug Larsen
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | 3.7° | 11.3° | ||
| Otta | 6.7° | 13.6° | ||
| Gausdal | 7.3° | 14.5° | ||
| Lillehammer | 7.7° | 14.9° | ||
| Ringsaker | 8.2° | 16.0° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: