For å få orden på parkeringa på Spranget, innførte Sel fjellstyre i torsdag avgift på det som kanskje er den mest nytta parkeringsplassen knytta til Rondane.
RONDANE: - Eg kan forstå at det kjem kritikk, men håpar at det vil stilne av etter kvart som vi får betre orden på parkeringa. Fjellstyreleiar Jan Olav Solstad forventar reaksjonar lokalt, tilreisande synest vera positiv til at Sel fjellstyre i går innførte parkeringsavgift på Spranget med 30 kroner døgnet for personbil, 50 kroner for bubil og 80 kroner for buss.
Strategisk og storslått
Spranget ligg strategisk og storslått til like inntil landets eldste nasjonalpark med utsyn beint mot Storronden, Vinjeronden og Rondeslottet, seks kilometer innafor Mysusæter og fem kilometer frå Rondvassbu.
-Hovudformålet er å få betre orden på parkeringa, til tider har det vore ganske kaotisk. Det er nok at dei som kjem først parkerer utenkt. Med folk til å ta hand om dette, vil vi få betre styring og plass til langt fleire, seier Solstad.
Det er plass til eit par hundre bilar på Spranget.
Søppel er eit anna problem ein nå håpar å få bukt med.
- Men det viktigaste er at dei tilsette her skal tene som informasjonsmedarbeidarar og gje råd og rettleiing. Solstad vektlegg at «billettørane» skal drive kontaktskapande verksemd og oppsøkje folk som kjem for å parkere.
- Vi meiner og trur at dette skal gje ei positiv profilering av Rondane, Sel fjellstyre og Sel kommune, og ikkje minst Inasjonalparkar, som vi har eit godt samarbeid med, seier Solstad.
- Kan ikkje nekte folk
Parkeringsplassen vil vera betjent mellom klokka 9 til 17 kvar einaste dag fram til 18. august.
- Vi tek ikkje betaling utanom opningstida, men det er montert parkeringsautomat, fortel Solstad.
- Dersom parkeringsplassen er full, blir folk vist attende til Mysusæter?
- Fylkesmannen har lansert parkeringsforbod, men det er ikkje innført og vi kan ikkje tvinge folk ned att til Mysusæter eller nekte dei å parkere langs vegen.
Solstad understrekar at inntekt frå parkering skal gå inn att i drifta av plassen, etter same regelverk som for drift av bomvegar.
- Vi skal ikkje drive butikk på dette, men koma i forkant av problem med kaos og søppel, forsikrar Solstad. Han vektlegg at Mysusæter Vel stiller seg positiv til opplegget, som er godkjent av Statskog og driftsutvalet i Sel kommune.
Det er oppsett lavvo som informasjonsbase og det er opparbeidd ny kulturstig, som eit nytt tilbod og for å få kanalisert trafikken inn til Rondane. Dei tilsette har gjennomgått tre dagars kurs. Spranget er ein flaskehals for villreinstamma i Rondane, og parkeringsvaktene skal observere og registrere ferdsel av rein i området.
Aksellastrestriksjoner på kommunale veger er innført.
Aksellastrestriksjoner på kommunale veger er innført.
Stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 14.0...
Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Arbeide...
Stengt på grunn av vegarbeid. Lokal omkjøring. Gjelder fra 23.04.2012 klokken...
Innsnevring og nedsatt hastighet til 30 km/t på grunn av vegarbeid i perioden...
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | 12.6° | 16.1° | ||
| Otta | 17.5° | 21.4° | ||
| Gausdal | 18.7° | 22.2° | ||
| Lillehammer | 19.1° | 21.5° | ||
| Ringsaker | 18.5° | 21.2° | ||
| Ringebu | 18.4° | 21.5° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: