Svatsum skule blir nedlagt

Og det skjer allereie frå hausten av.

Anette Musdalslien E-post
Publisert 14.11.2008 kl 10:04 Oppdatert 14.11.2008 kl 10:21

Tips en venn på e-post:

...
Svatsum skule blir nedlagt. Det ble bestemt torsdag. Foto: Torbjørn Olsen
...
Anne Line Sveen (f.v), Line Dompen, Gina Brumoen, Anne Marie Bakken og Bente Kvisberg er blant foreldra til elevar ved Svatsum skuke som meiner politikarane gjer rett i å legge ned skulen frå hausten. (Foto: Anette Musdalslien) Foto: Anette Musdalslien
...
Foto: Torbjørn Olsen

Mange foreldre hadde møtt fram for å få med seg det som skulle bli den aller siste kommunestyredebatten om framtida til Svatsum skule i går kveld.

«Gjev oss eit år til - minst». Det var den innstendige oppfordringa på ein av dei mange plakatane som nokre av dei hadde med seg til kommunestyresalen.

På andre var det skrive «Levande skule, levande grend» og «Ikkje legg ned».

Dei vart ikkje bønhøyrd.

Hva synes du? Si din mening på slutten av denne artikkelen.

- Det einaste rette

Men langt frå alle foreldra var skuffa over nedleggingsvedtaket. Dei tjuetals svatsingane på tilhøyrarbenken var splitta om lag på midten.

Bente Kvisberg, Gina Brumoen, Anne Lene Sveen, Anne Marie Bakken og Line Dompen var blant dei som meiner politikarane gjer det einaste rette når dei flyttar ungane deira til ein større skule, sjølv om han ligg tre mil unna.

- Det er vemodig at skulen blir borte, men det går ikkje an å oppretthalde ein skule utan elevar, seier Gina Brumoen.

Ho bur i Svatsum, har ein son på Svatsum skule, ei dotter i 1. klasse på Forset.

Spørsmål om når

Det var ingen av politikarane i Gausdal som var usamde i at timeglaset snart ville renne ut for Svatsum skule.

Spørsmålet var om skulen skulle leggjast ned hausten 2009 eller i 2010. Kva som var det rette tok det kommunestyret dryge halvannan time å kome fram til.

- Dette er ikkje eit spørsmål om dersom, men eit spørsmål om når, sa Sps Eldrid Kjernli frå talarstolen og la til:

- I dette tilfellet synes eg vi skal gi litt før vi tek alt. Dei fleste andre meinte det ville vere seigpining.

17 elevar

I dag er det 17 elevar ved Svatsum skule. Ved skulestart i 2010 ville elevtalet vore nede i 14.

Rektor ved skulen, Gerd Mølmen Nergården, har tidlegare uttalt at det da ikkje lenger ville vere pedagogisk forsvarleg å oppretthalde skulen.

Fleire foreldre i Svatsum har signalisert at dei ville søkt ungane sine til Forset frå neste skuleår, uavhengig av vedtaket i kommunestyret i går.

Dermed kunne grensa for pedagogisk forsvarleg vorte nådd allereie da. Sp og Ap måtte gjennom kvart sitt gruppemøte før den endelege avgjerda var tatt i går.

Medan Ap kom samla attende frå sitt møte, gjekk Ole Volehaugen og ordførar Mona B. Nicolaysen mot fleirtalet i sitt parti og stemte for nedlegging allereie neste skuleår, slik dei også gjorde i formannskapet tidlegare denne veka.

- Dette er vanskeleg, kanskje spesielt for Senterpartiet. Men eg meiner vi må tenkje på ungane. Hadde det vore fleire elevar, ville ikkje dette vore ei sak, sa Nicolaysen.

Bygdalista var det einaste partiet som samla gjekk inn for å gi Svatsum skule eitt år til.

Mest leste nyheter



Oppland


Været
  I dag I morgen
Lesja   -9.5°   -6.6°
Otta   -5.8°   -4.2°
Gausdal   -7.8°   -5.8°
Lillehammer   -7.1°   -5.1°
Ringsaker   -6.4°   -5.1°
Ringebu   -8.2°   -5.4°
Været leveres av: met.no


Mest sette bilder


...

Alle GD-bilder

Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.

Se alle bildeserier, publisert etter dato.


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Dovre  Gausdal  Lesja  Lillehammer  Lom  Nord-Fron  Ringebu  Sel  Skjåk  Sør-Fron  Vågå  Øyer 

...

Veiviseren

Finn veien dit du skal på kart.




TIPS OSS

Telefon: 977 21 000
SMS: GDTIPS + mld til 2097
MMS: GDTIPS + mld til 2097
E-post: tips@gd.no

KONTAKT OSS

Telefon 61 22 10 00
Besøksadr: Jernbanegt. 13, Lillehammer
Postadr: Postboks 954, 2604 Lillehammer
E-post annonse: annonse@gd.no
E-post abonnement: abonnement@gd.no

Lokalkontor

Vinstra - telefon 61 22 10 00
Otta - telefon 61 22 10 00
Lom - telefon 61 22 10 00

Redaksjonen

Ansvarlig redaktør: Kristian Skullerud
Redaktør: Hallvard Grotli (politisk)
Redaktør: Anne Stokke (nyhet)
Redaktør: Kine Søreng Hernes (kultur/feature)
Redaktør: Hans Petter Eide (produksjon)

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.