To måneder igjen i Oppland...
Du kan tipse oss på flere måter:
Telefon: 977 21 000
E-post: tips@gd.no
SMS eller MMS med bilder til 2097 med kodeord GDTIPS + meld
|
Ketil Sandviken
E-post
|
|
| Publisert 24.11.2008 kl 09:45 Oppdatert 24.11.2008 kl 09:45 |
3. februar er det definitivt slutt på analoge fjernsynssendingar i Hedmark og Oppland. Om det er i eit nytt år, går eit par månader utruleg fort, og nå er det så stor pågang at enkelte kan frykte svart skjerm. Det har i alle fall skjedd i andre fylke, i følgje informasjonsdirektør Jørgen Thaule i Canal Digital som nå sender nå ut ekstra montørar frå Oslo for å imøtekoma den store pågangen i hyttefylke nummer ein.
- Allereie nå merkar montørar i Gudbrandsdalen og resten av Oppland presset, fleire har over 50 på venteliste, fortel Thaule, som før helga reiste gjennom distriktet for å sjekke stoda, vel vitande at det er 45.000 fritidsbustader i desse fylka.
Jula tett innpå
For innlandsfylka er det spesielt at jula kjem så tett innpå analog slukking, og at mange kjøper nytt fjernsyn til jul med flatskjerm og HD-opplegg, high definition.
Om du ikkje er tilkopla kabelanlegg, som ein del rundt Mjøsa, må du må ha Riks-TV eller parabolanlegg når dei analoge signala blir stengt.
Jamn pågang
Jørn Hagen hos Engum Elkjøp, med Ottadalen og Sel som nedslagsfelt, fortel at det har vorte lange dagar og seine kveldar på montørane. Pågangen har vore jamn i heile haust, men det er forventa ekstra stort press fram mot jul.
- Fjernsyn er ein viktig del av kvardagen til folk flest, men det er for seint å tenkje på nytt anlegg over nyttår. Du bør kontakte forhandlaren nå, seier Thaule.
Installasjonen kostar ingen ting, men du må betale månadleg leige. Prisen avheng av kor mange kanalar du har tenkt å ”svitsje” innom, og så lyt du har fleire mottakarar eller dekodarar dersom du har tenkt å ha fleire fjernsynsapparat i same hus.
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | 3.7° | 11.3° | ||
| Otta | 6.7° | 13.6° | ||
| Gausdal | 7.3° | 14.5° | ||
| Lillehammer | 7.7° | 14.9° | ||
| Ringsaker | 8.2° | 16.0° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: