Charlottes Iskrem er godt tilfreds med det første driftsåret.
Charlottes Iskrem tek sikte på dobbelt så stor omsetning neste år og tidobla omsetning i løpet av fem år.
- Ei kvar nystarta bedrift reknar med underskot dei fyrste åra, slik er det med oss også. Slik er det å starte opp, så det er innkalkulert, vi har kapital til å dekkje opp dette. Neste år rekner vi med å gå i balanse og i løpet av dei neste fem åra tek vi sikte på ei tidobla omsetning, seier Anne Charlotte (50) og René Bjerke (59).
Ekteparet frå Asker er villige til å satse nær sagt alt dei eig og har på å lykkast med iskremproduksjon i Vågå, og har til nå skote til 1,5 millionar kroner i ny aksjekapital og 2,5 millionar kroner i driftskapital.
Pause frå Hotel Cæsar
10. november kunne GD melde om stygge rekneskapstal for 2007.
- Fabrikken vart ikkje igangsett før på slutten av året, vi selde is i berre 14 dagar i 2007 det, seier gründer Anne Charlotte Bjerke.
Ho vedgår at det har vorte meir jobb enn medrekna. Så mykje at ektemannen med 120 episoder av populære Hotel Cæsar bak seg har tatt pause som filmregissør for å hjelpe til på full tid.
- Eg trudde eg skulle greie alt aleine, men det gjekk ikkje. Nå tek René seg av innsal og oppfølgjing i butikkane, eg det administrative. Vi er i alt seks tilsette, fordelt på Asker og Vågå, og det er tusen ting å ta seg av heile tida. I helgene er heile familien ute for å marknadsføre produktet. Hittil har vi delt ut 80.000 smaksprøver i butikkane.
Vågå kling godt
- Det er dei gode attendemeldingane som driv oss vidare og gjer at vi har tru på dette. Folk likar rett og slett iskremen vår, men vi må bli meir synlege, det er den store utfordinga, skyt René inn.
Filmregissøren har ”skumle” marknadsføringsplanar over for eksempel nymotens kanalar som YouTube, men er like fullt klar på at det er jungeltelegrafen som gjer best nytte.
- Vågå har god klang i Oslo-miljø, folk veit tydelegvis om bygda og blir begeistra når dei får høyre at det er der isen blir laga.
Han meiner det har noko med det ekte norske og den reine naturen her å gjera.
Omsetninga for 2008 ligg an til å bli på fire millionar kroner, med eit underskot på cirka to millionar kroner, som er godt dekt av nyinnskoten kapital frå familien Bjerke.
Det blir nå produsert ti tusen halvliters beger i månaden. Men kapasiteten er langt større, heile 880.000 beger eller 440.000 liter for året, til ein verdi av 30 millionar kroner.
Det er langt dit, men Anne Charlotte og René Bjerke har tru på dobla produksjon i løpet av neste år.
Butikkane bestemmer
Åtte forskjellige Charlotte-variantar blir levert til 140 butikkar og ti restaurantar.
- Vi har nok butikkar til å nå ei omsetning der vi tener pengar, nå jobbar vi meir med å få auka salet i kvar einskild butikk framfor å skaffe nye utsalsstader.
- Vel 50 kroner for ein halvliter, er ikkje det dyrt?
- Hadde det vore opp til oss, hadde isen vore billegare, men det er butikkane som bestemmer prisen, seier Anne Charlotte og René Bjerke.
Bart.
Bart.
Bart i spor, fare for glatte partier.
Vekslende bart, snø- og isdekke.
Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Forsinkelser kan påregnes. Ar...
Innsnevring og nedsatt hastighet til 30 km/t på grunn av vegarbeid i perioden...
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | -7.4° | -3.5° | ||
| Otta | -6.3° | -2.1° | ||
| Gausdal | -8.2° | -4.3° | ||
| Lillehammer | -6.4° | -4.8° | ||
| Ringsaker | -3.9° | -5.1° | ||
| Ringebu | -9.4° | -3.4° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: