Hardhausar på MC-treff

Da Jotunheimen MC-klubb opna dørene til nye klubblokale i Bismo fekk dei besøk av hardhausar frå heile Europa, 120 motorsyklistar var med på årets Krystall-Rally i Ottadalen.

Publisert 15.02.2009 kl 20:23 Oppdatert 16.02.2009 kl 07:28

Tips en venn på e-post:

...
LANGVEGS: Brørne Nils og Olaf Graf hadde kjørt 1100 kilomter frå Frankfurt, i år deltok spesielt mange frå Italia og Frankrike. Foto: Ketil Sandviken

Krystall-Rally i bilder

...

Krystall-Rally i Ottadalen trakk mang ein hardhaus, som desse som hadde kjørt 1100 kilometer.

Se bildene

LOM/SKJÅK: Jotunheimen MC-klubb fekk sist haust leigd lokale i det som tidlegare var Skjåk Autoservice i Bismo, og etter iherdig dugnadsinnsats passa det bra å få vist fram den nye motorsykkelbasen i samband med helgas store vintertreff.

130 var venta og det kom 120 motorsyklistar frå heile Europa til Krystall-Rally nummer 38 med Fossheim turisthotell som samlingspunkt.

Minst halvparten av dei nytta høvet til å stikke innom dei nye lokala i Bismo, og det var eldsjelene i Skjåk godt nøgde med. Like eins at varaordførar Astrid Gjertsen tok seg tid til å gratulere med blomster, meir skuffa over at ikkje ottadølar flest stakk innom for ein kaffekopp i nyoppussa opphaldsrom på 60 kvadratmeter med kjøkenkrok og bar, 50 kvadratmeter med garasje og lager er det også.

- Flott å ha eit slikt samlingspunkt, seier Åke Persson, sekretæren i svenske Harley Davidson var den einaste med Harley på treffen. Kjørte 1100 kilometer frå Skellefteå om Mora og Røros i minus 34 for å sende direkte ut på nettet frå treffen.

- Brrr, det vart for kaldt. Persson fortel at ein kompis forfraus nakken, ein annan nasen og ein tredje ein finger.

I Mora slo Halla Lindell frå Gotland følgje med BMW Paris Dakar 91-modell med ski som støttehjul. Han har vore på Krystall-Rally 26 gonger sia 1982. Brukar tre og ein halv time med båt før han kan setja seg på sykkelen.

- Alt for Krystall-Rally, seier han, innom for å varme seg i dei nye klubblokala i Bismo.

Utanfor Fossheim i Lom trefte vi på dei tyske brørne Nils og Olaf Graf i ferd med å reparere bensinslangen. Hadde kjørt 1100 kilometer.

Gjennom Tyskland hadde det vore slafsete og dårleg vær, dei treivst langt betre i den iskalde, norske vinteren. I år passa namnet godt. Det vart eit ekte Krystall-Rally.

Mest leste nyheter



Oppland


Været
  I dag I morgen
Lesja   -13.3°   -13.1°
Otta   -15.5°   -11.4°
Gausdal   -20.3°   -11.6°
Lillehammer   -17.6°   -11.5°
Ringsaker   -16.7°   -9.4°
Ringebu   -17.0°   -11.3°
Været leveres av: met.no


Mest sette bilder


...

Alle GD-bilder

Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.

Se alle bildeserier, publisert etter dato.


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Dovre  Gausdal  Lesja  Lillehammer  Lom  Nord-Fron  Ringebu  Sel  Skjåk  Sør-Fron  Vågå  Øyer 

...

Veiviseren

Finn veien dit du skal på kart.




TIPS OSS

Telefon: 977 21 000
SMS: GDTIPS + mld til 2097
MMS: GDTIPS + mld til 2097
E-post: tips@gd.no

KONTAKT OSS

Telefon 61 22 10 00
Besøksadr: Jernbanegt. 13, Lillehammer
Postadr: Postboks 954, 2604 Lillehammer
E-post annonse: annonse@gd.no
E-post abonnement: abonnement@gd.no

Lokalkontor

Vinstra - telefon 61 22 10 00
Otta - telefon 61 22 10 00
Lom - telefon 61 22 10 00

Redaksjonen

Ansvarlig redaktør: Kristian Skullerud
Redaktør: Hallvard Grotli (politisk)
Redaktør: Anne Stokke (nyhet)
Redaktør: Kine Søreng Hernes (kultur/feature)
Redaktør: Hans Petter Eide (produksjon)

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.