Heilt utanom formell dagsorden troppa statsminister Jens Stoltenberg i går opp på seminar om Vågå som skal møte framtida med Norges beste skule.
- Eg skulle ikkje ha vore her, og tok beslutninga på eiga hand fordi eg meiner at Vågå og Rune Øygard fortener denne oppmerksomheita. Ikkje fordi du fyller 50 snart du også, men fordi det er ein kommune full av optimisme og positivitet som bekjempar sutring og negativitet. Vågå er eit fyrtårn og eit forbilde for andre kommuner. Det vil eg gje deg og Vågå ros for, sa Jens Stoltenberg da han troppa opp på seminar om Vågå og møte med framtida hos Innovasjon Norge i Oslo i går; med beskjed frå kommunal- og regionalministeren om at det er løyvd 300.000 kroner til haustens distriktspolitiske Vågåseminar.
Han er statsminister for heile landet og det er mange som vil ha besøk. Vågå og Øygard har fått det fleire gonger før, Stoltenberg kjende seg nok litt klemt, men greidde ikkje å avslå den pågåande vågåordføraren.
- Eg har enorm respekt for gründarar, og du Rune kunne ha vore ein fantastisk gründar, men eg er glad for at du vart i kommunen, sa Stoltenberg, som etter mange andre innlegg avslutta med å fastslå at sjølv om Vågå fortener mykje ros så må ein ikkje rosemåle. Distrikta slit og sentraliseringskreftene er sterke. Det er ei kjempeutfordring berre å halde folketalet i balanse. Nettopp difor er dt viktig å ha optimisme og vise pågangsmot.
Nav-direktør Tore Saglie karakteriserte plasseringa av to spesialeiningar med 20 tilsette som ein stor suksess. Dette beit statsministeren seg merke i, og nemnte spesielt helsesektoren som eigna for utflyttinga av andre sentrale arbeidsplassar. Den store italienske bakerikjeden Italia har planar om etablering i ottadalsbygda og fire utsendingar kom heilt frå Italia for å delta på seminaret.
- Vi har kome så langt at vi vurderer å byggje fabrikk, men det krev store investeringar, sa den norske direktøren Bjørn Bjørnstad vendt til statsministeren. Likeeins hjelpemiddelfirmaet Etac, som har over 800 tilsette, av desse 250 i Norge.
- Vi håpar å kunne skape 10-15 varige arbeidsplassar i Vågå, sa direktør Terje Berntsen, med «rop» om statleg bistand for å få det til. Avslutningsvis serverte Arne Brimi og Asker Produkt fingermat og matpakkeprodukt. - Kjempeartig å få servere statsministeren, jubla 21 år gamle Anette Bakke Ulsand, ho representerte Dagsenteret i Vågå og har heilt sikkert fått eit minne for livet.
Aksellastrestriksjoner på kommunale veger er innført.
Aksellastrestriksjoner på kommunale veger er innført.
Stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 14.0...
Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Arbeide...
Stengt på grunn av vegarbeid. Lokal omkjøring. Gjelder fra 23.04.2012 klokken...
Innsnevring og nedsatt hastighet til 30 km/t på grunn av vegarbeid i perioden...
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | 12.6° | 16.5° | ||
| Otta | 18.0° | 21.2° | ||
| Gausdal | 19.7° | 22.3° | ||
| Lillehammer | 19.4° | 21.5° | ||
| Ringsaker | 18.6° | 20.2° | ||
| Ringebu | 18.9° | 21.4° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: