Sandra Kjeka er truleg den fyrste som sel garn frå eigenprodusert alpakkaull her til lands. Den blir rekna for å vera blant verda beste ull.
Heilt utan erfaring med den slags dyr, importerte Sandra og Rolv Kjeka tre alpakkaer for ganske nøyaktig tre år sia.
Nå har tre vorte til fem, og snart blir det sju alpakka på bruket på solsida synst i Skjåk. To går nemleg drektige. Der går dei på beite i lag med sauer og hestar. Dei går godt i lag. Alle har sine spesielle fakter. Alpakkaen er ikkje verre på det enn at dei sender i veg ei spyttklyse som ein ratt kan få rett i fleisen.
Men elles er alpakkaen ein triveleg og vakker skapning. Det mest spesielle med dyret, er ulla. Den blir rekna for å vera blant verda beste ull. Og det var nettopp derfor Sandra og Rolv skaffa seg alpakka. Nå har dei endeleg fått spunne garn frå eigenprodusert alpakkaull.
– Vi har ikkje høyrt om andre som sel garn frå norskprodusert alpakkaull. Så vi er nok dei fyrste i landet, meiner Sandra og Rolv. Dei fekk spunne ulla i Telespinn i Telemark. Store spinneri vil helst ha store mengder. Det er det ikkje snakk om frå produksjonen i Skjåk.
– Vi snakkar om ein nisjeproduksjon. Kvar alpakka gjev mellom to og fire kilo ull i året. Det tek også ganske lang tid å byggje opp ei solid stamme, fortel alpakkaprodusentane på Kjeka og viser fram sokkar og ein vest som er strikka av eige alpakkaull.
Bart.
Bart.
Bart i spor, fare for glatte partier.
Vekslende bart, snø- og isdekke.
Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Forsinkelser kan påregnes. Ar...
Innsnevring og nedsatt hastighet til 30 km/t på grunn av vegarbeid i perioden...
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | -13.3° | -13.1° | ||
| Otta | -15.5° | -11.4° | ||
| Gausdal | -20.3° | -11.6° | ||
| Lillehammer | -17.6° | -11.5° | ||
| Ringsaker | -16.7° | -9.4° | ||
| Ringebu | -17.0° | -11.3° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: