...
Foto: Ragnhild Gjefsen|

Fyste spadetak tatt for kulturen

No startar gravearbeidet til den nye kultursalen på Otta. Ordførar Dag Erik Pryhn har store forhåpningar til det ferdige bygget.

Publisert 20.08.2009 kl 09:52 Oppdatert 20.08.2009 kl 09:52

Tips en venn på e-post:


Andre stader i landet ser vi at nye kulturhus har ført til ein kraftig oppgang i kulturverksemda, seier Dag Erik Pryhn. Rektor ved den vidaregåande skulen på Otta, Ole Petter Hansen, deler forventingane. Han trur det nye bygget vil føre til auka aktivitet både på aktørsida og hjå publikum.

- Det er viktig at god kvalitet ikkje berre blir eit storbyfenomen, seier Hansen.

Rimelegaste løysing

Planane om ein kulturhussal i samdrift med den vidaregåande skulen starta for to år sidan. Initiativet kom frå Hansen, som gjerne ville at utbygginga av skulen skulle skje til fordel for lokalsamfunnet. Det vart fort klart at eit slik sambruksbygg ville få vesentleg lågare kostnadar enn forslaget om å oppgradere det eksisterande kulturhuset. Det er fylkeskommunen som eig det planlagde bygget, der kommunen har inngått en langsiktig leieavtale.

Arbeidet med å renovere Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avdeling Otta starta 1. juli, og no har dei byrja grave veg for røyrsystemet som skal bli ein del av den nye kultursalen.

- Dei sett i gang med betongfundamentet no i haust, seier prosjektansvarleg i Oppland fylkeskommune, Håkon Kleiven. Ein reknar med at betongarbeidet står ferdig i januar eller februar 2010.

- Da vil det i stor grad vere mogleg å sjå korleis bygget kjem til å bli, seier Kleiven.

Riksteaterstandard

Det var tre krav som låg til grunn for planane til den nye salen. For det fyste krev fylket om lag 400 sitteplassar for å sikre at større konsertar går rundt. Bygget må dessutan eigne seg for fellesbruk av arealet, og fasilitetane kjem til å halde nivået til Riksteatret sine krav.

Pryhn, Hansen og resten av kultursalkomiteen fekk forslag frå tre arkitektfirma ut frå desse krava, og valte seg ut Eileraas Sævik AS. Dei har mellom anna vore med på renovasjonen av Nasjonalbilioteket.

God akustikk

Kultursalen kjem til å ha eit såkalla teleskopamfi for å sikre eit fleksibelt rom. Det vil seie at tilskodarplassane kan skyvast attende på same måte som i den gamle kulturhussalen. Men dei nye setene kjem nok til å vere hakket meir behaglege.

- Dette opnar for alternative konsertarrangement, seier Hansen. Elles blir salen bygd med konsertakustikk snarare enn filmakustikk, sjølv om kinoen kjem til å halde til i same bygget. Publikum deler vestibyle og garderobar med elevane ved skulen, medan aktørane kjem til å få både eigen garderobe og eit såkalla green-room dei kan opphalde seg i, under framsyningar.

Opnar neste haust

Den scenetekniske delen av bygget blir lagt ut på anbod no i august, og Pryhn og Hansen forsikrar at lyd og lys kjem til å bli utforma og plassert av kvalifiserte fagfolk. Det scenetekniske kjem utanom leigeavtalen med fylkeskommunen, og dermed er det kommunen som betalar for dette.

- Vi har sett av 6,5 millionar til denne delen, seier ordførar Pryhn.

Kultursalen kjem til å stå ferdig innan 30. oktober 2010. Hansen seier at dei vil starte arbeidet fram mot opninga alt i haust.

- Vi inviterar gjerne lokale til å vere med på å finne bruksmåtar for salen, seier han.

Mest leste nyheter



Oppland


Været
  I dag I morgen
Lesja   -7.4°   -3.5°
Otta   -6.3°   -2.1°
Gausdal   -8.2°   -4.3°
Lillehammer   -6.4°   -4.8°
Ringsaker   -3.9°   -5.1°
Ringebu   -9.4°   -3.4°
Været leveres av: met.no


Mest sette bilder


...

Alle GD-bilder

Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.

Se alle bildeserier, publisert etter dato.


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Dovre  Gausdal  Lesja  Lillehammer  Lom  Nord-Fron  Ringebu  Sel  Skjåk  Sør-Fron  Vågå  Øyer 

...

Veiviseren

Finn veien dit du skal på kart.




TIPS OSS

Telefon: 977 21 000
SMS: GDTIPS + mld til 2097
MMS: GDTIPS + mld til 2097
E-post: tips@gd.no

KONTAKT OSS

Telefon 61 22 10 00
Besøksadr: Jernbanegt. 13, Lillehammer
Postadr: Postboks 954, 2604 Lillehammer
E-post annonse: annonse@gd.no
E-post abonnement: abonnement@gd.no

Lokalkontor

Vinstra - telefon 61 22 10 00
Otta - telefon 61 22 10 00
Lom - telefon 61 22 10 00

Redaksjonen

Ansvarlig redaktør: Kristian Skullerud
Redaktør: Hallvard Grotli (politisk)
Redaktør: Anne Stokke (nyhet)
Redaktør: Kine Søreng Hernes (kultur/feature)
Redaktør: Hans Petter Eide (produksjon)

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.