Mange kjenner stemma til Astrid Brandal frå Ottadalsradioen. Nå vil dama bruke stemma si til å svare telefonar på Opplysningen 1881.
Etter 14 år i Ottadalsradioen, sa Astrid Brandal frå Vågå takk for seg førre veke.
- Nå er tida inne for noko nytt, seier ho.
Stor forskjell
Men noko heilt nytt blir det ikkje. Ho må framleis bruke røysta ho er fødd med. Stemma norddølane er vant med å høyre kvar morgon på lokalradioen. Munter og glad har den servert nyheiter og reportasjar, musikk, helsingar og konkurransar.
Nå vil Astrid bruke røysta til å rettleie kundar på Opplysningen 1881.
- Det var litt tilfeldig at eg valde denne jobben. Eg ville berre prøve noko nytt. Så nå har eg permisjon frå radioen eitt år, og så får eg sjå, fortel Astrid.
Ho trur det blir stor forskjell å kome til Opplysningen, og peikar særskilt på det med arbeidstid og arbeidsmiljø.
- I det siste har eg arbeidd mykje einsleg. Nå kjem eg til ein arbeidsplass med 130 tilsette. Det skal bli godt å ha fleire å spele på lag med. Og når eg er ferdig på arbeid, så er eg ferdig. Da kjem nokon andre og tek over. Slik var det jo ikkje i radioen. Der må ein førebu seg kvelden før, og ein kan ikkje gå før ein er ferdig med det ein skal gjere. Det blir nok rart for mann min nå, at eg ikkje skal sitje å skrive nyheiter om kveldane. Men eg har laga meg profil på Facebook da, så spørst om det er det eg kjem til å drive med nå, skrattar Astrid.
Glad i folk
Radiovertinna må vedgå at ho kjem til å sakne jobben sin.
- Det er artig å vera i media. Du blir kjent med så mange nye folk.
Å lage portrettintervju var derfor noko Astrid likte svært godt.
–Dei gripande historiene til folk gjorde verkeleg inntrykk på meg. Spesielt godt likar eg dei som ikkje stikk seg så fram. Og eg har faktisk ikkje opplevd nokon som har vore sur eller ekkel, seier ho.
Men i det siste har det blitt lite tid til å lage noko anna enn nyheiter, i og med at ho har drive åleine.
Mange minner
Astrid hugsar den fyrste sendinga si svært godt. Da hadde ho nattsending i lag med Rune Øygard.
- Huff, det var litt av ei oppleving. Eg var så nervøs. Og han måtte dra meg inn i studio att. Det vart han som stod for praten, mimrar radiovertinna.
I løpet av dei fjorten åra, har det vorte mange minner.
– Eg kjem i hug eg skulle intervjue Ellen Horn ein gong også. Eg var framleis fersk i gamet. Og eg fekk berre nokre få minuttar på meg. Da klikka sjølvsagt mikrofonen. Eg fekk den ikkje til å fungere. Eg sinka alle saman, og vart raud som ein tomat, minnast Astrid.
Sunt
At radiovertinna blir sakna, er det ingen tvil om. Etter at Ottadalsradioen opplyste om at ho ikkje vart å høyre meir hjå dei, har det tikka inn fleire meldingar hjå Astrid.
- Dei tykkjer det trist at eg blir borte. Men slik er det vel berre. Lyttarane føler at dei kjenner oss. Sjølv trur ho det berre er sunt, både for seg sjølv og lyttarane.
– Etter så mange år, så gror ein liksom fast, seier ho.
Allereie neste veke startar ho i den nye jobben sin. Og spenninga er stor.
- Eg gler meg til å ta fatt på nye utfordringar, smiler ho.
Bart.
Bart.
Bart i spor, fare for glatte partier.
Vekslende bart, snø- og isdekke.
Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Forsinkelser kan påregnes. Ar...
Innsnevring og nedsatt hastighet til 30 km/t på grunn av vegarbeid i perioden...
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | -7.4° | -3.5° | ||
| Otta | -6.3° | -2.1° | ||
| Gausdal | -8.2° | -4.3° | ||
| Lillehammer | -6.4° | -4.8° | ||
| Ringsaker | -3.9° | -5.1° | ||
| Ringebu | -9.4° | -3.4° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: