Reinsjegeren kan vente seg straffereaksjonar etter at han skaut tre reinsdyr med eitt skot i Skjåk.
Etter det GD kjenner til skjedde dette på nordområdet i Ottadalen villreinområde for nokre dagar sidan. Saka er nå under etterforsking, derfor kan ikkje politiet i Skjåk gå ut med nærmare opplysningar.
Knut Granum i Ottadalen villreinormåde kan stadfeste at det er rapportert om ei episode der ein jeger felte og skadde vel mange dyr med eitt skot.
Feilskyting
Alle dyra vart avliva og fordelt på andre jegerar som var i området.
- Vi er sjølvsagt ikkje tilfreds med at slikt skjer, seier Granum.
Han legg til at det under årets villreinjakt har vore mange tilfelle der det blir felt simle på kalvekort.
- Eg har merka meg ein aukande tendens, utan at eg kan forklare kvifor. Utan å skjera alle over ein kam har eg inntrykk at dette i fremste rekkje gjeld utanbygds jegerar, seier Granum, som legg til at det i nokre tilfelle er snakk om skadde simler som blir felt av jegerar med kalvekort.
Fellingsgebyr
- I verste fall kan dette føre til auka kvote på kalvekort neste år, seier Granum. Jegerar som skyt feil dyr blir straffa med eit fellingsgebyr. Vanlegvis blir ikkje slike tilfelle meldt til politiet.
- Vi har også merka oss at det stundom går mange skot på eitt dyr.
Elles har årets jakt så langt vore nokså normal, opplyser Granum.
Mykje regn har ikkje sett den store demparen på jakta. Det er felt bra med dyr på Lesja, men mindre i Finndalen. Mange jegerar med Finndalskort har nytta fellesjaktdagane dei to siste dagane godt i Skjåk. Særleg onsdag var det svært mange jegerar i terrenget i Aursjotraktene.
Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Forsinkelser kan påregnes. Ar...
Innsnevring og nedsatt hastighet til 30 km/t på grunn av vegarbeid i perioden...
Lysregulering og manuell dirigering på grunn av vegarbeid. Arbeidet ventes av...
Innsnevring, nedsatt hastighet til 30 km/t og manuell dirigering på grunn av ...
Nedsatt hastighet til 50 km/t på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til f...
Bart, stedvis rim, fare for glatte partier.
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | -11.0° | -6.0° | ||
| Otta | -6.0° | -3.2° | ||
| Gausdal | -6.8° | -5.6° | ||
| Lillehammer | -6.0° | -5.0° | ||
| Ringsaker | -6.5° | -5.0° | ||
| Ringebu | -6.1° | -4.9° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: