...
Foto: Solrun Snilsberg

Revy i Vågå

I krokane ligg utstyr av ymse slag. Rundt eit bord på Vågå ungdomsskule sit ein gjeng og skrattar så tårene trillar. Det er revygjengen i "Alt for Ottadal`n".

Publisert 05.11.2009 kl 11:44 Oppdatert 05.11.2009 kl 11:44

Tips en venn på e-post:


Kveldsmørkret har senka seg over Vågå. I eit klasserom på ungdomsskulen er det no det tek til. Skulebøker er pakka vekk for dagen. Søppelsekker med variert innhald kjem til i staden. Kaffi er kokt, pepparkaker og sjokolade kjem på bordet. Ein etter ein kjem ruslande inn i rommet, smilar og kjem med ein munnrapp kommentar. Til stor glede og munter latter frå dei andre.

Revygjengen er samla for å øve.

Tekster på plass

Det er tid for å prøve kostyme. Eit klesplagg, eit par sko eller nokre rare briller gjer ofte susen for å finne fram til karakteren som kvar einskild skal vere. Praten går livleg over kaffikoppar og kaker. Gullkorn kjem trillande som perler på ei snor. Ingen av dei har direkte med revyen å gjere, men det kvittar. Revygjengen er godt i rute, og vel så det. Tekster og songar er skrivne. Roller er fordelt. Det meste er på plass. No er det øving som skal til. Og kva er vel viktigare enn å kunne le sjølv for å få andre til å gjere det same?

Lattermildt

Stundom kan ein lure på om denne gjengen nokon gong sluttar å glise. Men brått skjer det. Alle freistar å vere seriøse. Det er tid for spørsmål. Det blir stille rundt bordet. Gjengen ser på kvarandre. Kjever arbeider hardt for å halde seg i nøytral stilling. Det rykkjer i smilerynkar i fleire augekrokar. Det held i om lag tre sekund. Så brakar det laus att. Enda verre enn før. Her er det ikkje behov for sit-ups, magemusklane får meir enn nok trim berre ved å vere til stades.

Har funne svaret

Allereie i februar i år vart det første møtet halde. Det synte seg fort at det var god interesse for å vere med på revyen. Villy Giverhaug lovar at revyen vil by på variert dans. Det at Noreg vann Grand Prix passerer ikkje umerka. Somme kjende tv-seriar blir det eit møte med, og det er slett ikkje umogleg at det kjem med ein aldri så liten lokal vri.

Og om nokon har undra seg på korleis ordførar Rune Øygard får tak i så mange statsrådar til bygda eller er så god til å få tak i pengar til bygda, så har revygjengen funne løyndommen og svaret på nettopp dette.

Overraskingar

Det blir mykje song. Kommunale problem og utfordringar får sjølvsagt sitt. Så mykje meir vil ikkje gjengen rundt bordet røpe. Dei har fleire overraskingar å by på. Det vil bli videoinnslag. Espen Hansen hjelper til med dette. Det går og rykte om ein fårkålblues, og ein som aldri får blåst i trompeten. Revygjengen er ein god miks av erfarne og debutantar innan revy. Rose Rustad har med seg nokre dansarar. Geir Thorud med band står for musikken. Arnt Odnes og Åge Høistad har bidrege med tekster, i tillegg til dei som er med og speler. Trygve Svindland står for lyden.

3. desember brakar det laus. Revyen blir sett opp fire dagar på rad. Stemninga er god, humoren på topp. Det lovar bra!

Mest leste nyheter



Oppland


Været
  I dag I morgen
Lesja   -10.4°   -4.1°
Otta   -7.2°   -4.1°
Gausdal   -8.1°   -6.0°
Lillehammer   -7.0°   -5.6°
Ringsaker   -6.5°   -5.4°
Ringebu   -6.1°   -4.5°
Været leveres av: met.no


Mest sette bilder


...

Alle GD-bilder

Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.

Se alle bildeserier, publisert etter dato.


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Dovre  Gausdal  Lesja  Lillehammer  Lom  Nord-Fron  Ringebu  Sel  Skjåk  Sør-Fron  Vågå  Øyer 

...

Veiviseren

Finn veien dit du skal på kart.




TIPS OSS

Telefon: 977 21 000
SMS: GDTIPS + mld til 2097
MMS: GDTIPS + mld til 2097
E-post: tips@gd.no

KONTAKT OSS

Telefon 61 22 10 00
Besøksadr: Jernbanegt. 13, Lillehammer
Postadr: Postboks 954, 2604 Lillehammer
E-post annonse: annonse@gd.no
E-post abonnement: abonnement@gd.no

Lokalkontor

Vinstra - telefon 61 22 10 00
Otta - telefon 61 22 10 00
Lom - telefon 61 22 10 00

Redaksjonen

Ansvarlig redaktør: Kristian Skullerud
Redaktør: Hallvard Grotli (politisk)
Redaktør: Anne Stokke (nyhet)
Redaktør: Kine Søreng Hernes (kultur/feature)
Redaktør: Hans Petter Eide (produksjon)

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.