...
Foto: Solrun Snilsberg

Hytte på flyttefot i fjellet

42 kvadratmeter stor, minst 20 tonn tung og breiare enn vegen. Gro Anita og Håvar Vole på Lalm har flytta ei hytte fleire kilometer, heil og på planet av ein lastebil.

Publisert 05.11.2009 kl 11:53 Oppdatert 05.11.2009 kl 11:53

Tips en venn på e-post:


Det er torsdag ettermiddag i Bøneslia i Vågå. Ein lastebil med noko uvanleg last sniglar seg nedetter vegen frå Brennhaugsetra i retning Rabben ved Myrvang, like ved Melingen. 12 personar er i sving med ymse oppgåver. Auger stirar, tre blir kappa ned. Lastebilen krabbar seg framover, centimeter for centimeter. Ei hytte med grunnmur er på flyttefot til ny tomt.

Fekk hytta

Eigarane av hytta er Gro Anita og Håvar Vole på Lalm. Gro fortel at Håvar fekk hytta av foreldra sine, med beskjed om at han kunne gjere kva han ville med ho. Hytta vart sett opp av faren til Håvar, Stig Vole og ein kamerat for 20 år sidan. Hytta vart ikkje gjort heilt ferdig innvendig, og har såleis ikkje vore teke i bruk enda. Dette har Gro og Håvar tenkt å gjere noko med nå. Først fekk dei tilbod om tomt på Høvringen, men paret tykte dei ville vere på meir heimlege trakter. Valet fell på ei tomt på Myrvang.

Andre forsøk

Denne dagen er det andre forsøk på å flytte hytta. To dagar før måtte dei gje opp. Hytta vart for tung for lastebilen. Den sank ned og kom ikkje av flekken. Ny frisk to dagar seinare. Med hytta på lastebilen, ein ekstra bil og traktorgravar i beredskap byrjar det noko spesielle flyttelasset å lee seg. Den vanskelegaste biten var å kome seg ut på sjølve vegen frå setra.

- Det vart ein skikkeleg krapp sving. Det var så vidt det gjekk, seier Gro Anita. Ho ventar spent bak rattet i bilen sin. Kjem lastebilen snart ned mot Melingsosen? Etter venting, og meir venting dukkar bilen opp. Den største kneika er unnagjort. Eller?

På ny tomt

Ingen hadde trudd at det skulle bli enkelt. På førehand er både hytte, veg, brukar og andre hindringar undervegs målt nøye. Det er rekna til at det skal gå. Karar med motorsag er med for å rydde unna tre og greiner som måtte kome i vegen. Eidefoss har lagt ned ein leidning. Ei vindskie lyt takke for seg undervegs. Nokre furuer lyt kappast ned. Forbi nokre hytter er det nesten for smalt. Men det går. Så er det siste etappe. Ned på tomta. Lastebilen svingar inn. Ein halvmeter er att. Så spinn det. Forsterkingar lyt til nok ein gong. Ein ekstra bil er med og dreg. Hytta kjem på plass. Stabbar blir sett under, lastebilplanet heist opp og bilen køyrt unna. Mange timar er gått sidan køyreturen starta. Alt i alt har turen gått greitt. Og hytta, den står trygt plassert på ny tomt.

Mest leste nyheter



Oppland


Været
  I dag I morgen
Lesja   -7.4°   -3.5°
Otta   -6.3°   -2.1°
Gausdal   -8.2°   -4.3°
Lillehammer   -6.4°   -4.8°
Ringsaker   -3.9°   -5.1°
Ringebu   -9.4°   -3.4°
Været leveres av: met.no


Mest sette bilder


...

Alle GD-bilder

Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.

Se alle bildeserier, publisert etter dato.


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Dovre  Gausdal  Lesja  Lillehammer  Lom  Nord-Fron  Ringebu  Sel  Skjåk  Sør-Fron  Vågå  Øyer 

...

Veiviseren

Finn veien dit du skal på kart.




TIPS OSS

Telefon: 977 21 000
SMS: GDTIPS + mld til 2097
MMS: GDTIPS + mld til 2097
E-post: tips@gd.no

KONTAKT OSS

Telefon 61 22 10 00
Besøksadr: Jernbanegt. 13, Lillehammer
Postadr: Postboks 954, 2604 Lillehammer
E-post annonse: annonse@gd.no
E-post abonnement: abonnement@gd.no

Lokalkontor

Vinstra - telefon 61 22 10 00
Otta - telefon 61 22 10 00
Lom - telefon 61 22 10 00

Redaksjonen

Ansvarlig redaktør: Kristian Skullerud
Redaktør: Hallvard Grotli (politisk)
Redaktør: Anne Stokke (nyhet)
Redaktør: Kine Søreng Hernes (kultur/feature)
Redaktør: Hans Petter Eide (produksjon)

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.