Professor Hans Christian Pedersen meiner at raudreven i mykje større grad enn vi har vore klar over er årsak til nedgangen i rypebestanden, og dette må det nå forskast på.
- Eg trur raudreven er den største syndaren. Det er relativt nytt for oss og dette bør det fokuserast mykje sterkare på. Raudreven har invadert høgfjellet i mykje sterkare grad og dette har ei heilt anna betydning nå enn for ti år sia, det er eg heilt sikker på.
Det er professor Hans Christian Pedersen ved Norsk institutt for naturforskning (NINA) og Høgskolen i Hedmark som slår dette fast over for GD etter eit svært godt besøkt rypemøte på Norsk fjellmuseum i Lom. Det kom folk heilt frå Ringebu.
Smågnagarane borte
Nedgangen i rypebestanden er eit samansett problem. Gjennom all tid har det vore svingingar, mykje i takt med smågnagarbestanden, men etter 1980-talet har det vore langt mellom gode smågnagarår. Dei overlever ikkje vintrar med mildvær og ising i januar, som det har vore mykje av i nyare tid.
- Rev og røyskatt, svara Pedersen på spørsmål frå salen om kven som er dei største predatorane, rovdyr som tek ryper.
- Reven tek egg og kjuklingar og vaksen fugl. Han tek alt, og smågnagarane er naturen i høgfjellssystemet, seier Pedersen til GD.
Fram til år 2000 var ikkje jegeren sett på som farleg for rypebestanden. 60 prosent overlever likevel ikkje vinteren. Men stadig større interesse og auka jaktpress har revurdert oppfatninga. Spesielt i dårlege år kan jegerbestanden ha innverknad. I det siste har mange teke til orde for freding av rypa.
Les også: Hudfletter Statskog for rypejakt ut året
Rypeprofessoren har ikkje tru på dette.
Nei til freding
- Det er ikkje jakta i seg sjølv som er årsak til låg bestand, den er låg på grunn av veldig mange andre faktorar, og dette er det mange misforståingar rundt. Men det er klart at når bestanden er låg så får også jakta betydning, saman med smågnagarbestand, klima, attgroing og andre faktorar. Freding eller andre tiltak i enkelte område er eit forvaltingsspørsmål som kvar einskild grunneigar må ta stilling til, seier Pedersen.
Les også: Fordobla jakt utan hund
Professoren avviser rovfugl som trugsmål, da gjer kråke og måke større innhogg, kraftleidiningar, sau- og reinsgjerder også.
- Har det vorte hysteri om rypa?
- Ja, eg veit ikkje om det er rette ordet, men det er fokusert på at jakta har så stor betydning at det må setjast ein stoppar. Det er feil, men jakta må utøvast slik at ein ivaretek bestanden og i dårlege år må ein ta ut så lite som mogleg, seier professoren som har forska på ryper sia 1975, for tida ”Rypeforvaltingsprosjektet 2006-2011”, der Gausdal er eitt av mange område som blir undersøkt..
Forvalting av rype og skogsfugl vil med tida likne meir på det som skjer med storvilt, meiner Pedersen.
Vinterjakt i fare
- Vinterjakta har lang tradisjon i vårt område, men det er vanskeleg å forsvare denne i år som nå. Bør vi innføre bag-limit, dagskvote, her også, spurte fjelloppsyn Odd Repp.
- Det er lite skarv, ikkje tvil om at det er eit botnår med fjellrype, sa Jon Sjurgard. Leiaren i Finndalen fjellstyre meiner det er på tide at Lom og Vågå og kanskje Skjåk bør samarbeide om tiltak og forvalting.
Bart.
Bart.
Bart i spor, fare for glatte partier. Fare for elg.
Vekslende bart, snø- og isdekke.
Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Forsinkelser kan påregnes. Ar...
Innsnevring og nedsatt hastighet til 30 km/t på grunn av vegarbeid i perioden...
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | -10.4° | -4.1° | ||
| Otta | -7.2° | -4.1° | ||
| Gausdal | -8.1° | -6.0° | ||
| Lillehammer | -7.0° | -5.6° | ||
| Ringsaker | -6.5° | -5.4° | ||
| Ringebu | -6.1° | -4.5° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: