Fylkesmannen overprøver Sel formannskap og gjev klarsignal for etablering av asylmottak på Rondeslottet høgfjellshotell.
- Dette vedtaket er endeleg og det må vi uansett rette oss etter, seier selordførar Dag Erik Pryhn etter å ha fått beskjed om at Fylkesmannen overprøver Sel formannskap og gjev klarsignal for etablering av asylmottak for 177 flyktningar på Rondeslottet høgfjellshotell på Raphamn.
Må få løyve
- Det betyr at dersom det nå blir etablert asylmottak så må vi gjera vårt beste for at det blir best mogleg tilrettelagt både for lokalsamfunn, hytteeigarar og asylantar.
Ordføraren tek i betraktning at det gjenstår å sjå om UDI (utlendingsdirektoratatet) gjev Ostra Consult tilbod om etablering av asylmottak, og tør ikkje spå kor fort dette kan gå.
Ordføraren fortel at fylkesmannen har sagt seg samd med Sel formannskap i at Ostra Consult treng driftsløyve, men at dei samfunnsmessige interessene går ut over dei lokale samfunnsmessige vurderingane mot etablering av asylmottak.
- Det har vore stor motstand, kva lokale reaksjonar vil dette bli møtt med?
- Det er klart at mange mislikar dette, men eg vil håpe at vi får ei konstruktiv tilnærming. Det er ingen vits i å halde fram kampen mot etablering, for dette er eit endeleg vedtak utan høve til vidare anke. Vi har hatt to periodar med asylmottak i Sel tidlegare. Sjølv om det var einskilde episoder, fungerte det samla sett ganske bra, avsluttar ordføraren.
UDI-avgjerd tysdag
- Dette er nytt for meg, men vi har uansett sagt at vi skal ta avgjerd tysdag 22. desember, seier regiondirektør Siv Kjelstrup i UDI Indre Østlandet.
Ostra Consult i Hobøl i Østfold var i førre runde aleine om å ville etablere nytt asylmottak, men i ettertid har det kome til to andre selskap. For Hero as i Vang i Valdres går driftsløyvet ut ved nyttår, men selskapet har søkt om nytt driftsløyve. Gran kommune er tredje søkjar, og vil etablere asylmottak i den gamle skogbruksskulen i Brandbu.
Det er lyst ut 350 plassar. På Rondeslottet er det lagt opp til 177 plassar.
Regiondirektøren opplyser at det uansett vil vera behov for to av dei tre aktuelle søkjarane.
- Vi er klare
- Vi er klare til å etablere asylmottak for 180 på Rondeslottet.
Dagleg leiar Olav Strand i Ostra Consult vil ikkje forskottere kva UDI bestemmer seg for, men trur det er rimelege gode sjanser for å få driftsløyve. Han er på ingen måte overraska over at Fylkesmannen overprøver Sel kommune.
- Vi vil ikkje sole oss på bakgrunn av dette, det er rett at folk får koma med sine meiningar, men eg synest nok enkelte har skote langt over mål, seier Strand og fritek lokale politikarar for slike skuldingar.
Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Forsinkelser kan påregnes. Ar...
Innsnevring og nedsatt hastighet til 30 km/t på grunn av vegarbeid i perioden...
Lysregulering og manuell dirigering på grunn av vegarbeid. Arbeidet ventes av...
Innsnevring, nedsatt hastighet til 30 km/t og manuell dirigering på grunn av ...
Nedsatt hastighet til 50 km/t på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til f...
Bart, stedvis rim, fare for glatte partier.
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | -11.0° | -6.0° | ||
| Otta | -6.0° | -3.2° | ||
| Gausdal | -6.8° | -5.6° | ||
| Lillehammer | -6.0° | -5.0° | ||
| Ringsaker | -6.5° | -5.0° | ||
| Ringebu | -6.1° | -4.9° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: