...
Kampen om breføring tilspissar seg. Foto: Elias Sperstad

Gründar meiner turistforeininga har for stor makt

Breførar og gründar Marte Kjernsholen hevdar at Den Norske Turistforening (DNT) er i ferd med å slå beina unna lokale kommersielle aktørar. Konkurransen i fjellheimen tilspissar seg.

Elias Sperstad E-post
Publisert 26.01.2010 kl 13:24 Oppdatert 26.01.2010 kl 14:55

Tips en venn på e-post:

...
Generalsekretær i DNT Kristin Krohn Devold tykkjer det er trist når norsk dugnadsånd blir angripen. Foto: Elias Sperstad
...
Marte Kjernsholen er kritisk til DNT som marknadsaktør. Foto: NaturOpplevingar.no

Etter Marte Kjernsholen sitt innlegg i friluftsmagasinet UTE skrell det fjellmellom. Den Norske Turistforening (DNT) reagerer sterkt på Kjernsholen sine påstandar om at DNT er meir ein trussel enn ein bidragsytar for lokal næringsutvikling.

- DNT er i ferd med å slå beina unna kommersielle lokale aktørar. Ikkje berre i Gudbrandsdalen, men i heile landet, tordnar Kjernsholen.

Supermakt

- Det er vanskeleg å overleve med ei slik supermakt som det DNT er, fortsett ho. Kjernsholen underbyggjer påstanden ved å vise til at lokale aktørar ikkje greier å konkurrere med DNT på pris på kursing og føring i fjellheimen, og seier:

- DNT er ein stor og mektig organisasjon der mykje av arbeidet som for eksempel fjellføring går under dugnadsprinsippet. Det er mange område vi såleis ikkje kan konkurrere med DNT i pris på. Ved å operere på denne måten tvingar DNT heile bransjen til å selje turar og kurs på billegsal. Kjernsholen reagerer også sterkt på at DNT et seg inn på bedriftsmarknaden.

- Opprørande

I Kjernsholen sine augo forverrar det situasjonen for små lokale aktørar.

- Det er ganske opprørande. For med auka konkurranse også på bedriftsmarknaden med DNT sine ressursar, ser eg enda mørkare på framtida. DNT bør innrømme at dei er kommersielle. DNT sit heller ikkje alltid med den lokalkunnskapen som trengst for å levere eit bra produkt, seier Kjernsholen, som hevdar at ho kan vise til fleire tilfelle der DNT sine førarar har spurt etter vegen. – Vi har dei ofte i hælane, for å seie det slik. Gjennom sine ti år som turleiar i Gudbrandsdalen og vidare som medeigar i NaturOpplevingar i Lom, nå busett i Sogndal, føler ho seg trakka på av DNT.

- Mykje støtte

Kjernsholen understrekar at det er sine personlege meiningar ho ytrar.

- DNT har gjort og gjer eit framifrå arbeid for å få folk ut på tur?

- Ja, DNT gjer utruleg mykje godt arbeid slikt sett. Men det blir vanskeleg for andre som yter liknande tenest når DNT går nye vegar som gjer marknaden vanskelegare for små lokale aktørar, seier Kjernsholen, som hevdar at ho har fått mykje støtte for innlegget sitt i friluftsmagasinet.

I ein kort kommentar til GD seier generalsekretær Kristin Krohn Devold i DNT at ho gjerne tek diskusjonen.

Dugnadsånd

- Men å angripe norsk dugnadsånd og friviljugheit på ein slik måte er trist. Å fri oss frå retten til å føre gratis i fjellet er uaktuelt. Vi er ikkje ute etter å skvise ut lokale aktørar, snarare tvert om. Vi går gjerne i dialog. Men vi vil snakke med dei på ordentleg vis, og ikkje i pressa, seier Krohn Devold, som viser til eit innlegg som blir lagt ut på turistforeininga sin heimeside. Der kommenterer DNT Trygve Sunde Kolderup sitt innlegg i Aftenposten som går på mykje av det same som Marte Kjernsholen gjev uttrykk for.

Mest leste nyheter



Oppland


Været
  I dag I morgen
Lesja   -10.6°   -4.1°
Otta   -7.3°   -4.1°
Gausdal   -8.1°   -6.0°
Lillehammer   -7.1°   -5.6°
Ringsaker   -6.6°   -5.4°
Ringebu   -6.3°   -4.5°
Været leveres av: met.no


Mest sette bilder


...

Alle GD-bilder

Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.

Se alle bildeserier, publisert etter dato.


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Dovre  Gausdal  Lesja  Lillehammer  Lom  Nord-Fron  Ringebu  Sel  Skjåk  Sør-Fron  Vågå  Øyer 

...

Veiviseren

Finn veien dit du skal på kart.




TIPS OSS

Telefon: 977 21 000
SMS: GDTIPS + mld til 2097
MMS: GDTIPS + mld til 2097
E-post: tips@gd.no

KONTAKT OSS

Telefon 61 22 10 00
Besøksadr: Jernbanegt. 13, Lillehammer
Postadr: Postboks 954, 2604 Lillehammer
E-post annonse: annonse@gd.no
E-post abonnement: abonnement@gd.no

Lokalkontor

Vinstra - telefon 61 22 10 00
Otta - telefon 61 22 10 00
Lom - telefon 61 22 10 00

Redaksjonen

Ansvarlig redaktør: Kristian Skullerud
Redaktør: Hallvard Grotli (politisk)
Redaktør: Anne Stokke (nyhet)
Redaktør: Kine Søreng Hernes (kultur/feature)
Redaktør: Hans Petter Eide (produksjon)

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.