Hjelpekorpsa i Lom, Sel og Vågå gjekk saman og fekk overveldande oppslutning til kurs i førstehjelp. Og det likaste av alt: av 55 påmeldte er det mykje ungdom.
- Eg hadde aldri drøymt om at det kunne bli så mange. Dette er heilt overveldande, utbryt Svein Grindstuen. I løpet av 20 år som korpsleiar og enda fleire år som aktiv i Otta Røde Kors hjelpekorps har 55-åringen aldri opplevd maken til oppslutning.
Hjelpekorps slit med rekruttering
Dei fleste korps har i mange år sliti med rekrutteringa, og dette har ført til at fleire korps må rykkje ut samtidig til ulykker og redningsaksjonar. Hjelpekorpsa i Lom, Sel og Vågå fann like godt ut at dei ville prøve å få til eit felles 30-timars kurs i førstehjelp.
Det ga utruleg til respons med 55 påmeldte, og det likaste av alt er nok at så mykje ungdom deltek og at kurset har medført fleire aktive medlemmar.
- Vi er ofte ute på oppdrag og redningsaksjonar saman, og da gjeld det å vera samkjørte. Dette lovar bra. Eg vart rett og slett heilt fortusta over den store påmeldinga; kommunestyresalen i Vågåmo vart nesten for liten, fortel ein inspirert korpsleiar i Vågå, Tom Helge Hølmo.
- Kult å kunne redde liv
Vi som trudde at PC, facebook og twitring var einaste saliggjerande, at førstehjelp langt frå var kult nok...
- Det er både lurt og viktig å kunne førstehjelp, vite kva ein skal gjera dersom ein kjem ut for ei ulykke. Det kan redde liv, seier Silje Eide frå Kvam og Guro Storlien frå Lom, båe 18 år gamle, i ferd med å leggje kompress for å stoppe blødning.
- Førstehjelp er både kult og spennande, og det er noko alle trøyng å kunne, meiner syskena Mari og Ole Christen Sulheim, 19 år gamle frå Bøverdalen.
Jo André Stabell (18) frå Otta minnar oss om at dei aller fleste ulykkene skjer i heimen.
Ressurskrevjande å arrangere kurs
- Det er såpass ressurkrevjande å arrangere slike kurs, ikkje minst med tanke på å skaffe gode instruktørar, og da kan det vera lurt å samarbeide i staden for å drive på kvar sin kant. Dette er vi kjempegodt tilfreds med, det er rett og slett «løylé», seier Ragny Bakken, kursansvarleg for på vegne av Lom og Bøverdalen hjelpekorps, saman med Anita Sundt, Otta hjelpekorps og Roar Berg, Vågå hjelpekorps.
- Dette har svært mykje å seia for det faglege miljøet og det å skape samhald i hjelpekorpsa, vektlegg Sundt.
Ikkje minst betyr det mykje å få fleire aktive korpsmedlemmar.
Instruktørar er innhenta frå Norsk luftambulanse, lokalt ambulansepersonell, eigne korps og lokal lege.
- Kommunelege Gulleik Riksaasen i Vågå stilte opp heilt frivillig, og det set vi stor pris på, seier Bakken.
Det var kommunelegen som var i sving da vi var innom den andre kurskvelden av i alt seks, pluss avsluttande teoriprøve onsdag 10. mars og praksisprøve laurdag 13. mars.
Liv kan reddast
- Kjempefint at lokale korps set i gang førstehjelpskurs. Vi har gong på gong sett at liv kan reddast når ein tek dei rette grepa. Folk flest kan gjera ein stor forskjell i ein akutt situasjon ut frå eit forholdsvis enkelt grunnlag å byggje på, seier Riksaasen. Kommunelegen vektlegg at vi bur i eit grisgrendt strøk og at det er stor ferdsel i mange fjellområde der det ikkje alltid er like lett å få tak i profesjonelle helsearbeidarar på stutt varsel. Litt enkel førstehjelp kan redde liv og helbred i fjell og utmark.
- Ingen blir verdsmeister eller ferdig utlært, det er heller slik at ein alltids må lære meir, dette er eit fag som er i stadig utvikling, seier Riksaasen i ei stutt styrkepause med sunn kost mogleggjort gjennom sponsing frå lokal handelsstand i alle tre bygdene.
Dette synest på alle måtar å vera fruktbart.
Aksellastrestriksjoner på kommunale veger er innført.
Aksellastrestriksjoner på kommunale veger er innført.
Stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 14.0...
Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Arbeide...
Stengt på grunn av vegarbeid. Lokal omkjøring. Gjelder fra 23.04.2012 klokken...
Innsnevring og nedsatt hastighet til 30 km/t på grunn av vegarbeid i perioden...
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | 12.6° | 16.1° | ||
| Otta | 17.5° | 21.4° | ||
| Gausdal | 18.7° | 22.2° | ||
| Lillehammer | 19.1° | 21.5° | ||
| Ringsaker | 18.5° | 21.2° | ||
| Ringebu | 18.4° | 21.5° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: