Ein 25 centimeter tjukk brannvegg hindra spreiing av leilighetsbrannen i Nord-Fron.
I går var politiet på plass i Sorperoa for å finne årsaka til brannen som fant stad seint søndag kveld sjuande februar i år.
- Det er for tidleg å seie noko om brannårsaka enda. Det eg prøver å finne nå er arnestedet, der brannen starta, seier politibetjent Brede Holdbrekken.
Han fortel at brannen ikkje spreidde seg til naboleilegheita i den vertikalt delte tomannsbustaden.
- Dette er eit heilt nytt bygg og det er fint å sjå at brannskillet har funka. Det einaste naboen merka noko til brannen var at det kom inn noko røyk, seier Holdbrekken.
- Dobbeltvegg
Dagleg leiar i Nordbohus Vinstra as, Morten Randen, fortel at det er fint å sjå at ting funkar slik det skal.
- Brannveggen består av eit dobbeltlag og er 25 centimeter. Den består av blant anna to lag med gips som er eit daudt materiale som ikkje brenn, seier Randen.
Han fortel at bustaden er delt i to, fullstendig.
- Brannveggen går heilt opp i taket og på kvar takende er det 1,8 meter ekstra med gips. Det gjer at flammene aldri får spreidd seg til naboleilegheita, seier Randen.
Veit meir neste veke
Holdbrekken fortel at han veit meir neste veke om brannårsaka.
- Det er ein del å gjennom her så det kjem til å ta litt tid. Om vi finn årsaka i det heile teke, seier Holdbrekken.
Politibetjenten har vore på ein del brannar og gjekk rundt på brannstaden i går med vernemaske.
- Grunnen til at eg bruker maske er fordi det er litt urein luft her. Det er ikkje noko farleg, det er rein rutine, seier Holdbrekken.
Mannen som vart skadd i brannen er framleis innlagt på sjukehuset ifølgje politiet.
Bart.
Bart.
Bart i spor, fare for glatte partier.
Vekslende bart, snø- og isdekke.
Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Forsinkelser kan påregnes. Ar...
Innsnevring og nedsatt hastighet til 30 km/t på grunn av vegarbeid i perioden...
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | -7.2° | -3.5° | ||
| Otta | -5.2° | -2.1° | ||
| Gausdal | -6.0° | -4.3° | ||
| Lillehammer | -5.3° | -4.8° | ||
| Ringsaker | -3.0° | -5.1° | ||
| Ringebu | -7.3° | -3.4° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: