NettUpp er eit samarbeid mellom aktivitetsbedrifter i Nord-Gudbrandsdalen. Målet er å auke attraksjonsverdien og gje meirsal for bedriftene i nettverket.
NettUpp fokuserer på tiltak innan områda økoturisme, digitale/sosiale medium og innovativ produktutvikling. Så langt har nettverket 15 medlemsbedrifter fordelt på heile norddalen.
Kontakt
Gry Helene Stavseng i Athene Prosjektledelse i Vågå og Ole Smidesang i Lillehammer Kunnskapspark er prosjektleiarar for prosjektet NettUpp. Det starta med at Lillehammer Kunnskapspark tok kontakt med Athene, og spurte om dei ville vere med og arbeide med dette. Så vart det arbeidd vidare med prosjektet, og aktivitetsbedrifter i norddalen vart kontakta. Dei gav positive attendemeldingar på prosjektet.
Forprosjekt
Det siste året har gått med til å kartlagt interesse, innhald og moglegheiter for ei større satsing i form av eit forprosjekt. Fokusområda har vore verdifulle opplevingar i og rundt nasjonalparkane, digitale løysingar som GPS, kart og sosiale medium og innovasjon, rammevilkår og berekraft. Målet er at eigarane skal få og kunne bruke informasjon om korleis dei kan utvikle bedriftene gjennom digitalt innhald, produktutvikling og fokus på miljø.
- Vi har brukt godt og vel eit år på å finne ut kva for tiltak det ynskje om å fokusere på, seier Gry Helene Stavseng.
Innovasjon Norge
I år har eit hovudprosjekt starta opp. Det er tenkt at det skal vare i tre år. Prosjektet går inn under Innovasjon Norge sitt bedriftsnettverks-program, og får dermed stønad herifrå. Innovasjon Norge finansierer eine halvdelen av prosjektet, medan bedriftene i nettverket står for den andre halvdelen.
- Vi er svært glade for at Innovasjon Norge støttar oss i dette, seier Stavseng.
Kurs og seminar
I prosjektet blir det arrangert ulike seminar og samlingar. Tanken er å auke kompetansen og opprette møteplassar for at bedriftene skal kunne lære av kvarandre og kunne sjå moglegheiter for si bedrift og fleire bedrifter i fellesskap. I vår står mellom anna kurs i økoturisme som moglegheit på programmet. Det same gjer kurs i korleis ein kan vere synleg på Internett. Til hausten er det lagt opp til studietur til Wales.
- Dette er ein tur som blir open for alle. Vi skal sjå på aktivitetsopplevingar i og rundt nasjonalparkar. Det er lagt opp til ulike aktivitetar og møte med viktige aktørar. Dette er ein tur for inspirasjon, seier Stavseng.
Bevisstgjering
Stavseng held korta tett til brystet på spørsmål om kva for konkrete tiltak det blir sett på innan prosjektet framover.
- Det blir arbeidd med ein del spennande ting, som vi håpar vil gje resultat for fleire. Det handlar om bevisstgjering overfor ein del marknadsgrupper vi ser eit stort potensial i, utvikling av eksisterande aktivitetar og etablering av nye. Vi ynskjer å skape verdifulle opplevingar, og nye attraktive opplevingsprodukt. Det at bedriftene er i nettverk, er ein kjempeverdi i seg sjølv, seier Stavseng.
Bart.
Bart.
Bart i spor, fare for glatte partier.
Vekslende bart, snø- og isdekke.
Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Forsinkelser kan påregnes. Ar...
Innsnevring og nedsatt hastighet til 30 km/t på grunn av vegarbeid i perioden...
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | -13.5° | -13.1° | ||
| Otta | -15.9° | -11.4° | ||
| Gausdal | -20.8° | -11.6° | ||
| Lillehammer | -18.3° | -11.5° | ||
| Ringsaker | -17.3° | -9.4° | ||
| Ringebu | -17.6° | -11.3° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: