Ein hytteeigar på Ultunga nedanfor Mysusæter fekk si livs oppleving da bjørnen kom luskande. Fekk attpåtil sikra seg eit par foto.
Du kan tipse oss på flere måter:
Telefon: 977 21 000
E-post: tips@gd.no
SMS eller MMS med bilder til 2097 med kodeord GDTIPS + meld
|
Ketil Sandviken
E-post
|
|
| Publisert 02.07.2010 kl 19:26 Oppdatert 02.07.2010 kl 19:31 |
- Du kan liksom ikkje tru det du ser. Kona heldt på å dette på baken og eg heldt på svelge tunga, fortel Karl-Erik Linnerud. Treffande nok, for det var nettopp på Ultunga det skjedde.
Hytteeigaren frå Sarpsborg hadde nettopp vore ute i bilen etter fotoapparatet for å ta bilde av ein elgkalv da bamsefar kom luskande over sæterkvea.
Linnerud vart ikkje meir forfjamsa enn at han fekk klemt av. Nøyaktig kl 21.37 sist søndag small det i kompaktkameraet tre-fire gonger.
Fotografia levnar ingen tvil om kven som var på ferde.
- Han var nok der i fem-seks minutt, fortel Linnerud, han var oppe heile natta for å sjå om bjørnen kom attende.
- Dette er det einaste sikre observasjonen vi har av bjørn her i Sel på mange år, fortel rovviltkontakt Amund Byrløkken, innom for å vise fram parpirversjon av eine bildet.
Han kom raskt til, såg ikkje snurten av bamsefar, men er ikkje reint lite forundra over at 20 kyr beitte vidare som om ingen ting skulle ha hendt.
Men elgkalven han fekk visst fart på seg... Det er ikkje meldt om drepne eller skadde dyr i området.
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | 3.7° | 11.3° | ||
| Otta | 6.7° | 13.6° | ||
| Gausdal | 7.3° | 14.5° | ||
| Lillehammer | 7.7° | 14.9° | ||
| Ringsaker | 8.2° | 16.0° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: