Med slagordet «Skjåk 79 – ei rein oppleving», skal fjellbygda vinne nytt terreng. Visjonen er ein folkevekst på 425 innbyggjarar innan 2020.
SKJÅK: «Skjåk skal vera ein open og framtidsretta kommune med eigenart, kraft og rein natur for menneske som ynskjer høg livskvalitet og eit nyskapande næringsliv». Dette ligg i botnene for «nye» Skjåk. Den som stussar over kvifor det står Skjåk 79, så gjenspeglar det at 79 av det totale arealet i bygda er verna. Nå blir bygdefolket invitert til å ta del i det vidare arbeidet med å forme Skjåk for ny vekst.
- Det er viktig å ha mål å strekkje seg etter. Slik ordla rådmann Jan Rune Fargermoen seg da han som prosjektansvarleg presenterte arbeidsdokumentet med visjon, strategiar, mål og tiltak mot år 2020. Og det er ikkje snaue mål rådmannen og hans stab har sett seg. Visjonen er at det i 2020 skal vera 2.690 skjåkværar. Statistisk sentralbyrå opererer med langt lågare tal for 2020, 2.191 innbyggjarar. I januar i år var innbyggjartalet i Skjåk 2.265. Delmål nummer ein er 2.400 innbyggjarar i 2015.
For å kunne lykkast med det, må fjellbygda blant anna skaffe nye arbeidsplassar. Her ser prosjektgruppa mellom anna for seg 30 årsverk knytt vern og bruk i 2015, og 50 i 2020. Målet totalt sett er 75 nye arbeidsplassar i 2015, og 150 i 2020. I 2015 er visjonen 800 hytter i kommunen, i 2020 1.000. I 2020 er målet også at det skal vera sykkelveg på heile strekninga frå Geirangerkrysset til Lom grense. Og utbygd fibernett Grotli-Lom i 2015. Og ikkje nok med det, bygdefolket skal vera i særdeles fin form, da halvparten av befolkinga i 2015 skal trene/ og eller trimme meir enn 20 minutt minst tre gonger i veka.
Det er altså i fyrste omgang eit utkast som ligg på bordet. - Utkastet skal knaast og formast. Det viktigaste i fyrste omgang er å skape engasjement og studere framlegget med positivt forteikn. Oss set oss hårete mål, ja, men ein kjem ingen veg utan å seja seg mål, seier ordføraren. Han vil at det beste av det gode i bygda skal pakkast ut og marknadsførars for alt det er verdt. - I Skjåk er vi ikkje flinke nok til å pakke ut det vi har. Det har vel med det å gjera at ein gjerne ikkje ser skogen for berre tre.
Som eksempel trekkjer Ap-politikar og tilsett i kommuneadministrasjonen Tor Jevnheim blant anna fram anlegget i Botn som har både gokartbane, ljosløype og rike turmulegheiter til beins og på sykkel. Marknadsføringa har ikkje vore all verda.
- Vi må for all del ikkje vera redde for å marknadsføre oss. I det vidare arbeidet er det også viktig at vi får folk utanfrå til å sjå på oss som skjåkværar. Vi må ta hint, seier Jevnheim. Ei omfattande utviklingsanalyse ført i pennen av Terje Bjerkan i PwC ligg som plattform for det vidare arbeidet. Skjåk kommune er nå inne i ei informasjonsfase, utover hausten blir det grendemøter og folkemøte.
- Vi må lytte til folket for å lykkast, understrekar rådmann Fagermoen. Det er ei målsetjing av fyrste prosjektfase skal vera ferdig om eitt år.
Bart.
Bart.
Bart i spor, fare for glatte partier.
Vekslende bart, snø- og isdekke.
Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Forsinkelser kan påregnes. Ar...
Innsnevring og nedsatt hastighet til 30 km/t på grunn av vegarbeid i perioden...
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | -7.4° | -3.5° | ||
| Otta | -6.3° | -2.1° | ||
| Gausdal | -8.2° | -4.3° | ||
| Lillehammer | -6.4° | -4.8° | ||
| Ringsaker | -3.9° | -5.1° | ||
| Ringebu | -9.4° | -3.4° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: