Publikum får oppleve halsbrekkjande dansestunt i Fryajuvet under TidarÅ.
Du kan tipse oss på flere måter:
Telefon: 977 21 000
E-post: tips@gd.no
SMS eller MMS med bilder til 2097 med kodeord GDTIPS + meld
|
Knut Storvik
E-post
|
|
| Publisert 30.07.2010 kl 13:01 Oppdatert 30.07.2010 kl 14:45 |
Midt under showet tek dansaren Sudesh Adana sats og sleng seg utfor Fryajuvet. Ned til den fossande elva er det minst 30 meter og det einaste han har å halde seg til er ei snor. Halsbrekkjande ser det iallfall ut til å vere, og det var fleire blant publikum som hadde hjartet i halsen.
Hansegård ansvarleg
I kveld er det premiere på danseforestillingen Tidarå ved juvet i Fryatun i Ringebu.
Hallgrim Hansegård, mellom anna kjend frå dansekompaniet Frikar, har hovudansvaret for framsyningaførestellinga. GD var tilstades på generalprøva torsdag kveld.
Elvesus i bakgrunn
Det heile startar ved at du går nedover ei trapp til det mektige Fryajuvet når du kjem til Bersveinhølen, like ved Fryatun. Nedover den bratte trappa kan du høyre elvesus og du kan sjå lysspelet i bakgrunnen frå det mektige Fryajuvet. Heilt bakarst er elva lyst opp og du kan sjå dei valdsamme kremtane frå elva.
Dette blir ekstra tydeleg når røykmaskina blir slege på under framsyninga. Scena er bygd opp i vatnet og liknar på ein stor sirkel. Ved sidan av er det nokre pålar i vatnet og ei lita bu for musikarane. I tillegg blir bergveggen brukt som scene.
Reise gjennom Peers univers
«Peer, du lyg» gjallar utover juvet då framsyninga set i gong. TidarÅ byggjer på Ibsens Peer Gynt og danseframsyninga er ei reise i Peer Gynt sitt univers. Opp frå vatnet dukkar fleire spreke dansarar og Terje Isungset sin spesielle musikk spelast i bakgrunn.
Munnharpe, bukkehorn, trepinnar og skifer frå Jotunheimen er nokre av instrumenta til Isungset. I starten av TidarÅ er det tydeleg gjenkjenninger frå Peer Gynt der dei mannlege dansarane prøver å vere den tøffaste karen i bygda. Gjennom heile TidarÅ kjem Solveig stadig tilbake.
Halsbrekkjande stunt
Småregnet som kom gjorde det glatt på scena. Dette stoppa ikkje dansarane frå å gjere halsbrekkjande stunt på scena. Utover den største scena samlar tre dansarar seg ute i vatnet på nokre pålar. Her tek dei baklengs salto, samtidig som dei sparkar av ein hatt frå ein pinne. Under generalprøva enda det med knall og fall for den eine, mens ein anna dansar hamna utilsikta i vatnet. Det var nok ikkje tilsikta, men det såg dess tøffare ut.
Lysshow
Etter eit par lystige dansedelar skifter stemninga til ein litt meir dyster og myrk dans og stemning. Det er tydeleg at Peer Gynt har herja frå seg og møter Bøygen. Kampen om å finne seg sjølv har starta. Heile tida er TidarÅ akkompagnert av musikarane Andreas Ljones (fele) og Terje Isungset. For å illustrere dei forskjellige stemningane på scena blir lys brukt flittig. Lys er ein veldig viktig faktor i danseframsyninga og det blir også brukt faklar for å skape best mogleg stemning. Mot slutten fyllast scena igjen opp med entusiastiske dansarar. Det er kaotisk og i programmet står det å lese at Peer prøver å rydde opp i sin kaotisk tankerekkje. Det roer seg ned til slutt og Peer kjem heim og finn roa. Dette blir illustrert ved at flammar blir sendt av garde med små båtar på elva. Det er nok og eit teikn som illustrerer gravlegginga til mor Åse.
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | 3.7° | 11.3° | ||
| Otta | 6.7° | 13.6° | ||
| Gausdal | 7.3° | 14.5° | ||
| Lillehammer | 7.7° | 14.9° | ||
| Ringsaker | 8.2° | 16.0° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: