Sp-ordførar Simen Bjørgen i Lom opp-modar skjåkværane til ikkje å stemme på Sp ved kommunevalet.
LOM/SKJÅK: Låkt har klimaet mellom Lom-ordførar Simen Bjørgen og Skjåk-ordførar Rolv Kristen Øygard vore lengje. Nå går det rett i botnen. For i ein e-post, som Bjørgen har sendt postmottaket i Lom kommune til journalføring, legg han ikkje to fingrar mellom.
«Med bakgrunn i dei røynslene vi har med samarbeidet med Skjåk den siste perioden, vil mitt forslag om nokon spør meg kva eg meiner om Skjåk vera å røyste Bygdalista eller Arbeiderpartiet», skriv Bjørgen.
Og det står han fast ved.
- At eg ville koma med eit slikt utspel har vore planlagt over lang tid. Tidspunktet var tilfeldig, seier Bjørgen.
Han tilbakeviser at det er ei ordveksling på Facebook om arkeologiske funn på Lendbreen i Skjåk som utløyste utspelet.
- Nei, dette går på det dårlege samarbeidet vi har hatt med Skjåk. Vi har kome med konkrete forslag om samarbeid, men vi har vorte avvist, seier Bjørgen, og viser mellom anna til eit felles politisk møte der nettopp vidare samarbeid mellom Lom og Skjåk stod på dagsorden.
Der kom Bjørgen med utspel om Skjåk var interessert i å vurdere kommunestruktur. Lomværane tenkte også tanken høgt om felles ungdomsskule. Dette vart avvist frå politikarane i Skjåk.
- Er det etter din påstand om manglande samarbeidsvilje frå ordførar Rolv Kristen Øygard og Skjåk Senterparti som gjer at du vel å gå ut på denne måten og ber skjåkværane stemme Arbeiderpartiet og Bygdalista?
- Ja, det grunnar i mine erfaringar gjennom åtte år som ordførar.
- Er ikkje dette å dolke sine eigne partifellar i ryggen?
- Nei. Det ville vore å dolke seg sjølv i ryggen å ikkje gjera det.
- Så etter ditt syn er ikkje Skjåk tent med Rolv Kristen Øygard som ordførar?
- Med bakgrunn i erfaringar dei siste åra er Skjåk betre tent med ein av dei to andre ordførar-kandidatane. Vi har vorte møtt av tausheit og ikkje svar tilbake, seier Bjørgen, som ikkje legg skjul på at samarbeidsklimaet mellom han og Skjåk-ordføraren har vore dårleg.
- Det er ikkje oppsiktsvekkjande å koma med eit slikt utspel. Vi hadde ein liknande situasjon i 1999, gjennom eit uspel frå Skjåk, seier Bjørgen.
Skjåk-ordførar Rolv Kristen Øygard trur ikkje at utspelet frå Bjørgen vil bety så mykje for valet.
- Uttalen får han stå for sjølv.
- Om du blir gjenvalt, blir det lettare utan Bjørgen som ordførar?
- Denne perioden har det vore så låkt at det kunne ikkje vore låkare. Vi har slett ikkje vore så negative til samarbeid som Bjørgen påstår. Vi har fremma forslag om samarbeid, men fått negativt svar, seier Øygard.
I e-postutvekslinga gjev leiaren i Skjåk Sp, Per Lars Lien, uttrykk for at han er sjokkert.
«Senterpartiet har og bør ha stor takhøgd og rom for ulike meiningar, men nå tykkjer eg det går over stokk og stein», skriv Lien.
Kva tykkjer du om utspelet til Bjørgen? Sei di meining her!
Aksellastrestriksjoner på kommunale veger er innført.
Aksellastrestriksjoner på kommunale veger er innført.
Stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 14.0...
Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Arbeide...
Stengt på grunn av vegarbeid. Lokal omkjøring. Gjelder fra 23.04.2012 klokken...
Ett felt stengt på grunn av trafikkuhell.
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | -1.0° | 3.6° | ||
| Otta | 6.9° | 11.3° | ||
| Gausdal | 8.1° | 12.5° | ||
| Lillehammer | 10.9° | 13.7° | ||
| Ringsaker | 10.2° | 12.4° | ||
| Ringebu | 9.2° | 12.7° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: