- Nok er nok. Nå må noko skje med Skåbuvegen, seier foreldre.
Klokka sju onsdag morgon vart skulebussen frå Skåbu til Vinstra stoppa av bekymra foreldre. Foreldreaksjonen for ein betre Skåbuveg er i gong.
- Våre barn har rett til ein trygg skuleveg. Skåbuvegen er ingen trygg veg. I fleire tiår har vegen vorte gløymt og dermed har vegen fått ein standard som ikkje er akseptabel. I dag tenner vi eit grønt lys og vi håper vi ikkje må tenne eit kvitt lys i framtida. Vi har ingen ungdomar å miste, seier Tove Brendløkken frå Foreldreaksjonen.
- Nå vil vi ha handling
Ho fortel at i dag er det 180 kjegler og bukker opp gjennom Skåbuvegen.
- Nok er nok. Nå vil vi ha handling. Vegen er rast ut fleire stader og det vart verre etter flaumen. Kva galt har vi gjort som fortener ein slik veg? Må det skje noko alvorleg før dei ansvarlege ser kva som må til? spør Brendløkken.
Omtrent 20 foreldre møtte opp til aksjonen. Bussen vart ståande i ein time.
Kva tykkjer du om Skåbuvegen?
Bart og vått.
Bart.
Bart i spor, fare for glatte partier. Fare for elg.
Bart.
Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Arbeide...
Innsnevring og nedsatt hastighet til 30 km/t på grunn av vegarbeid i perioden...
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: