...
PÅ BESØK: - Det skal ikkje stå på pengar, sa statsminister Jens Stoltenberg da han var på Kvam for å sjå på flaumherjingane i pinsa. Nå uteblir pengane. Foto: Einar Almehagen

- Tomt prat frå regjeringa

Kvam arbeiderlag krev flaumhandling frå sentrale myndigheiter

Knut Storvik E-post
Publisert 05.10.2011 kl 10:20 Oppdatert 05.10.2011 kl 10:26

Tips en venn på e-post:


- Nå har det gått fire månader sidan flaumen, men det har ikkje kome noko pengar. Folk er frustrerte og fortvila og veit ikkje om dei har råd til sikre heimen sin slik at dei tør å flytte tilbake. Vi les i pressa om at det er folk som må ta opp lån på 140.000 kroner for å dekke eigenandelen som NVE (Norges vassdrags- og energidirektoratet) forlangar. Dette er ein uholdbar situasjon og nå krev vi handling, seier Jan Tore Kamp, leiar i Kvam arbeiderlag.

Tysdag kveld hadde arbeiderlaget møte og nå krev dei oppgjer.

- I tillegg må distriktsandelen på 20 prosent av kostnadene bli borte slik at privatpersonar og kommunar ikkje må stifte meir gjeld for å sikre liv og eigedom. Alt anna er eit klart lyftebrot frå myndigheitenes side, seier Kamp.

- Det skulle ikkje stå på pengar

Han fortel tilbake til dagane etter flaumen da fleire statsrådar kom til Kvam og Otta for å sjå på flaumherjingane. Statsminister Jens Stoltenberg leia an.

- Statsministeren sa at det ikkje skulle stå på pengar. Til nå har vi berre fått tomt prat og byråkratisk snikk-snakk til svar. Det skal lagast ei Stortings-melding til våren. Uholdbart, seier Kamp.

Nå håper han og Kvam arbeiderlag at noko skjer. Og det fort.

- Nødvendig utbetringsarbeid har stoppa opp, sikring blir ikkje gjort og maskinentreprenørar får ikkje oppgjer for utført arbeid, seier Kamp.

Skuffa Sel-ordførar

Da fleire ordførarar frå distriktet var på besøk i Olje- og energidepartementet nyleg fekk dei ei vagt svar. Sel-ordførar Dag Erik Pryhn var skuffa etter møtet.

- Eg forventer at regjeringa tek tak i problematikken med distriktsandelen. Dette er ei utfordring for både kommunar og privatpersonar sidan det er monalege beløp det er snakk om. Vi kan risikere at sikringstiltaka ikkje blir gjennomført og korleis forheld staten seg til det? Det kan umogleg vere lett å forholde seg til, seier Pryhn.

Kva er di meining?

Mest leste nyheter



Vegmeldinger

Oppland

  • Gran kommune

    Redusert framkommelighet

    Aksellastrestriksjoner på kommunale veger er innført.

  • Sør-Fron kommune

    Redusert framkommelighet

    Aksellastrestriksjoner på kommunale veger er innført.

  • Ev Lillehammer - Dombås, (Ensbykrysset - Rustberg), i retning mot Dombås

    Midlertidig stengt

    Stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 14.0...

  • Ev Øyer - Tretten

    Redusert framkommelighet

    Redusert framkommelighet på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Arbeide...

  • Ev Lillehammer - Dombås, ved Tretten

    Midlertidig stengt

    Stengt på grunn av vegarbeid. Lokal omkjøring. Gjelder fra 23.04.2012 klokken...

  • Ev Lillehammer - Dombås, ved Sel

    Redusert framkommelighet

    Innsnevring og nedsatt hastighet til 30 km/t på grunn av vegarbeid i perioden...


Været
  I dag I morgen
Lesja   12.6°   16.5°
Otta   18.0°   21.2°
Gausdal   19.7°   22.3°
Lillehammer   19.4°   21.5°
Ringsaker   18.6°   20.2°
Ringebu   18.9°   21.4°
Været leveres av: met.no


Mest sette bilder


...

Alle GD-bilder

Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.

Se alle bildeserier, publisert etter dato.


null

...

Veiviseren

Finn veien dit du skal på kart.




TIPS OSS

Telefon: 977 21 000
SMS: GDTIPS + mld til 2097
MMS: GDTIPS + mld til 2097
E-post: tips@gd.no

KONTAKT OSS

Telefon 61 22 10 00
Besøksadr: Jernbanegt. 13, Lillehammer
Postadr: Postboks 954, 2604 Lillehammer
E-post annonse: annonse@gd.no
E-post abonnement: abonnement@gd.no

Lokalkontor

Vinstra - telefon 61 22 10 00
Otta - telefon 61 22 10 00
Lom - telefon 61 22 10 00

Redaksjonen

Ansvarlig redaktør: Kristian Skullerud
Redaktør: Hallvard Grotli (politisk)
Redaktør: Anne Stokke (nyhet)
Redaktør: Kine Søreng Hernes (kultur/feature)
Redaktør: Hans Petter Eide (produksjon)

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.