Sandbu i Vågå kan vise seg å ha vore ein svært verdifull gøymestad under andre verdskrig.
VÅGÅ: «Skrik» av Edvard Munch kan bli historias dyraste kunstverk på auksjonen til Sothesbys i New York 2. mai.
Det er spådd at eigaren Petter Olsen vil få opp mot ein milliard kroner.
Kjøpte opp Munch
Faren Thomas kjøpte opp mange Munch-bilder, og i frykt for at dei skulle hamne i naziregimets hender vart dei frakta opp til det som i dag blir kalla Gammelsandbu, gardstunet han eigde saman med broren Rudolf, men som Kjell Holm seinare overtok og bygde opp att til det dronning Sonja har karakterisert som ei av landets største kulturperler.
Det var i august 2005 Fred Olsen, bror til Petter, røpa det Aftenposten tittelsette som «krigens ukjente Munch-thriller».
«Min far, Thomas Olsen, var meget forutseende og så hva som kom til å skje fra Nazi-Tysklands side. Rett før krigen fikk han gjemt ca. 30 av vår families Munch-bilder på Sandbu, deriblant tror jeg det var en versjon av «Skrik», fortalde Fred Olsen, og la til at eit lite våpenarsenal også var med.
Fordømt av Hitler
Hitler fordømte Munchs bilder, karakteriserte det som degenerert kunst, og ville truleg ha øydelagt alt.
Thomas Olsen var venn av Munch og kjøpte opp mange bilder i nettopp Tyskland, i følgje Aftenposten.
Det høyrer med til historia at Sandbu også var gøymestad for konge, kronprins og regjering andre veka av krigen i april 1940. Lite visste dei vel at dei sat på Munch-bilder gøymt i kjellaren...
Fred Olsen fortalde at han var 11 år og hugsa at dei vart forflytta til ein fjellgard som var eigd av bestemora og bestefaren. Dette er Darthus ved Lemonsjøen som framleis er i brorens eige. Petter vart også tilkjent alle Munchbilda i ei opprivande rettssak med broren.
Hemmeleg
Eg har høyrt om dette, men det har nok vore hemmelege greier, for det er liksom ingen som veit noko sikkert. Men det er nok hald i det etter som det har vore prata ein god del om det, seier Gunnar Sandbo (69). Men den historieinteresserte kårmannen og naboen på hovudbølet stussar over at Kjell Holm overtok Gammelsandbu i 1943. Vart bilda da frakta vidare til Darthus? I så tilfelle er ringen slutta for Petter Olsen.
At Munch brukte Syndefallet i Vågåkyrkja som motiv til fleire av måleria i Universitetetss aula er ei heilt anna historie. Munch hadde morsslekt frå Vågå og oppheldt her seg lenge i 1942 vel vitande at ei eiga kunstsamling låg lagra i fjellbygda...
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | 11.1° | 16.1° | ||
| Otta | 15.4° | 21.4° | ||
| Gausdal | 17.3° | 22.2° | ||
| Lillehammer | 18.1° | 21.5° | ||
| Ringsaker | 17.2° | 21.2° | ||
| Ringebu | 16.3° | 21.5° | ||
Dette er bilder som GDs fotografer og journalister står bak.
Se alle bildeserier, publisert etter dato.Siste kommentarer: | ||
Siste kommentarer: