...
Eit samrøystes Vågå kommunestyre gav ordførar Rune Øygard permisjon med full godtgjersle fram til saka mot han er avgjort og avslutta. Foto: Ketil Sandviken

Rune Øygard får permisjon med lønn

Eit samrøystes Vågå kommunestyre gav ordførar Rune Øygard permisjon med full godtgjersle fram til saka mot han er avgjort og avslutta.

Leif Øverland E-post
Publisert 09.05.2012 kl 00:00 Oppdatert 08.05.2012 kl 23:05

Tips en venn på e-post:

Det kom berre eit einaste spørsmål då Vågå kommunestyre handsama permisjonssøknaden frå Øygard tysdag kveld. Det var Svein Blankenborg frå Bygdalista som ville vite kva formuleringa, «til saka er endeleg avgjort og avslutta» eigentleg betydde om det til dømes vart anke, kva då?

Juridiske råd

Rådmann Tor Arne Gangsø svara at alle formuleringar i denne saka nøye hadde vore drøfta med rådgjevande juristar. Han la likevel til at det var opp til kommunestyret å endre eit vedtak når som helst dei ville det. Etter dette vart det ikkje fleire spørsmål. Det var heilt stilt i salen. Ingen fleire ville ha ordet.

Fungerande ordførar Iselin Jonassen leste så opp permisjonssøknaden frå ordførar Rune Øygard der han grunngjev den med overgrepssaka han er meldt i og der statsadvokaten har teke ut tiltale mot han. Øygard ynskjer samstundes kommunestyret lykke til med dei viktige og interessante utfordringane og moglegheitene for vagværane og Vågåsamfunnet.

Samrøystes

Vedtaket i kommunestyret om å gje permisjon og at Rune Øygard held oppe honoraret han har som ordførar inn til saka er endeleg avgjort og avslutta, vart gjort samrøystes.

I saksutgreiinga frå rådmann Gangsø heiter det at det er kommunestyret som sjølv vedtek reglement for godtgjering for folkevalde, men at denne saka er så unik at det ikkje finst noko formulering i gjeldande reglement som avklarer korleis ein skal handtere godtgjering i samband med permisjon som er grunngjeve ut frå omsynet til kommunen og Vågåsamfunnet.

Det er likevel på det reine, skriv rådmannen, at Øygard etter lova ikkje MÅ søkje permisjon, men at han har gjort det av omsyn til kommunen og Vågåsamfunnet, slik han sjølv gir uttrykk for, skriv rådmannen i si utgreiing, der han og legg til at han ut frå praksis ein kan sjå i politiske organ er det tilrådd at det i slike saker blir innvilga permisjon inntil saka blir nærare avklart.

Ordførar Rune Øygard er tiltalt for utuktig omgang med ei mindreårig jente.

Straffesaka mot han kjem opp i Sør-Gudbrandsdal tingrett 8. oktober 2012.

Han er i dag 100 prosent sjukmeldt.

...
Stemninga var langt frå munter då Vågå kommunestyre handsama ordførar Rune Øygard sin permisjonssøknad. F.v. fungerande varaordførar Jehans Storvik, fungerande ordførar Iselin Jonassen og rådmann Tor Arne Gangsø. Foto: Leif Øverland


På forsiden nå


...

- Folk tar en risiko

Nyheter I følge lensmann Jan Erik Rundsveen har flere trosset beskjeden om evakuering i Kvam. Les mer

...

Følg flom-dekningen direkte

Nyheter Direkterapportering fra flommen - minutt til minutt. Les mer

Stengte veger fredag kveld

Nyheter Oppdatert liste over stengte veger i Oppland og Hedmark fredag klokken 22.30 Les mer

...

Stort narkofunn i Øyer-skog

Nyheter Da politiet skulle finne igjen en stjålet bil i Øyer, ble det også gjort et stort amfetaminfunn i skogen på Øyers vestside. Les mer

TIPS OSS

Telefon: 977 21 000
SMS: GDTIPS + mld til 2097
MMS: GDTIPS + mld til 2097
E-post: tips@gd.no

KONTAKT OSS

Telefon 61 22 10 00
Besøksadr: Jernbanegt. 13, Lillehammer
Postadr: Postboks 954, 2604 Lillehammer
E-post annonse: annonse@gd.no
E-post abonnement: abonnement@gd.no

Lokalkontor

Vinstra - telefon 61 22 10 00
Otta - telefon 61 22 10 00
Lom - telefon 61 22 10 00

Redaksjonen

Ansvarlig redaktør: Kristian Skullerud
Redaktør: Hallvard Grotli (politisk)
Redaktør: Anne Stokke (nyhet)
Redaktør: Kine Søreng Hernes (kultur/feature)
Redaktør: Hans Petter Eide (produksjon)

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.