Hundrevis av motorinteresserte treftest på Døl og Dur på Vinstra.
- Eg veit ikkje om eg tør å seie kor mange hestekreftar eg eigentleg har, men det er mange, seier Odd Erik Bergheim frå Otta.
Med sin 68 Mustang tok han heim kanskje den gjevaste av alle prisane på motortreffet Døl og Dur, arrangert av Amcar HD Fron, på Vinstra laurdag. Han fekk nemleg publikumsprisen, samt Amcar-prisen.
- Publikumsprisen er gjev og det set eg pris på. Bilinteressa har eg vokst opp med og eg er nok over snittet interessert i bil ja, seier Bergheim.
154 køyretøy vart stilt ut
Til saman var det 154 køyretøy som vart stilt ut og mange slo av ein prat.
- Det viktigaste er det sosiale. Her får motorinteresserte ein arena til å sjå kva andre driv med og treffe likesinnede, seier Jan Petter Egge frå arrangørklubben.