...
KVALITETSSTEMPEL: Det er tidlegare og nåverande tilsette som skal ha æra for dette, eg er forholdsvis ny i Norsk kulturarv, seier direktør Simen Bjørgen med stor sjekk og EU-kommisjonens Grand-Prixpris, som han mottok saman med tidlegare direktør Grete Horntvedt og fungerande styreleiar Ivar Odnes.Foto: Ketil Sandviken Foto: Ketil Sandviken

Europeisk ærespris til Norsk kulturarv

Norsk kulturarv fekk både Europa Nostra-pris og EU-kommisjonens Grand Prixpris i Lisboa fredag kveld. Snart kjem Placido Domingo på gjenvisitt til Vågå ...

Ketil Sandviken E-post
Publisert 04.06.2012 kl 00:00 Oppdatert 04.06.2012 kl 12:53

Tips en venn på e-post:


...
STAS: Bunadskledde Simen Bjørgen i godt selskap blant presidentar og kongelege i Lisboa.Foto: Europa Nostra Foto: Europa Nostra
...
Direktør Simen Bjørgen mottok Grand Prixprisen av Europa Nostrapresident og supertenor Placido Domingo og EU- kommisjonær for utdanning og kultur, Androulla Vassiliou.

- Dette er historisk, aldri før har denne prisen vore tildelt nokon i Norge.

Blant kongelege og presidentar

Det lyser stoltheit lang lei av direktør Simen Bjørgen i Norsk kulturarv, nettopp heimattkome med den gjevaste prisen på Europa Nostra-kongressen i Lisboa i nærvær av kongelege og presidentar.

- Det er vanskeleg å setja ord på dette. Vi var så glade og tilfredse over å ha vorte utplukka som ein blant 28 av 225 nominerte til Europa Nostrapris, og så får vi attpåtil Grand Prixpris på 10.000 euro eller 80.000 kroner som ein av seks. Det er stort, seier Bjørgen.

Europa Nostrapresident og supertenor Placido Domingo, som sang «La det lyse» under Lillehammer-OL saman med Sissel Kyrkjebø, stod for utdelinga og av dei fremste gratulantane var det spanske kronprinsesseparet Felipe og Letizia, portugals president Anibal Cavaco Silva og EU-kommisær Androulla Vassiliou.

- Tykte eg hadde fin bunad

Bjørgen forventa ikkje ærespris, og hadde ikkje førebudd takketale.

- Eg merka at eg skalv i stemma. Det var 1.200 i det flotte palasset Mosleiro dos Jeronimos, med dei mest prominente på første benkerad rett framfor deg og direktesendt fjernsyn i Portugal og Spania. Det er klart eg var prega, men det gjekk vel nokonlunde. Placido Domingo skrytte av bunaden min, og eg fekk da veksla nokre ord med dei kongelege og presidenten etterpå også, seier Bjørgen litt brydd.

Placido til Vågå snart

Nå har han planer om å få supertenoren attende til Norge, og helst Vågå og Ottadalen.

- Vi skal ha ei nasjonal markering av prisen til hausten og det kan godt hende Placido Domingo kjem hit da saman med EU-kommisæren og generalsekretæren. Aller helst vil vi sjølvsagt at dette skal foregå i Vågå, men det kjem an på tidsskjema og reiseplan.

Bjørgen meiner det er bevisst satsing på opplæring av barn og unge som er årsak til heideren, og gjev tidlegare tilsette og nåverande medarbeidarar æra for suksessen med «Rydd eit kulturminne». Han er sjøl ny i stolen.

- Eg vil takke 22.500 skuleungar som har rydda 1.200 kulturminne i 396 kommuner, sa Bjørgen i si takketale i Lisboa.

På forsiden nå


Svak krone løfter innlandet

Norske kroner er mindre verdt enn på mange år. Det er gode nyheter for industri og reiseliv i innlandet.

Lillehammer-kvinne omkommet i Thailand

Kvinnen som mandag ble meldt omkommet i Thailand skal være fra Lillehammer. UD bistår kvinnens familie via Norges ambassade i Thailand

Mot underskudd i L.I.K.

Mandag kveld holdt Lillehammer Ishockeyklubb åpent medlemsmøte. Der fikk de fremmøtte luftet frustrasjonen over måten klubben drives på.

GDs julekalender 22. desember

I dag kan du åpne luke nummer 22 i GDs julekalender.