Ein heldig gjeng i Lom fekk møte skistjerna Therese Johaug.
- Ho var kjempegrei og virka som ei heilt vanleg jente, seier Marina Kvålshagen frå Bøverdalen.
Fredag vart ein litt spesiell skuledag for unggjenta da skistjerna Therese Johaug plutseleg dukka opp i skulegården på den vidaregåande skulen i Lom.
Slo av ein prat med Johaug
- Ho skulle ete lunsj på Bakeriet i Lom og kom innom sidan ho er ei god venninne med læraren vår. Vi fekk lov til å ta bilde med ho og slå av ein liten prat. Dette var stort. Ho er jo ei av verdas beste skiløparar. Eg trur ho er på treningsleir på Sognefjellet, seier Kvålshagen.
Sjølv gjekk Marina på langrenn da ho var mindre, men nå går ho berre når det passer for ho.
- Men eg ser sjølvsagt på når Therese går. Det er artigt, seier Kvålashagen