Jon Erik Vestad såg på at bjørnen åt sau frå hytta si.
- Det var ei spesiell oppleving. Vi satt ute på hytta vår på Breistulen på Ringebu-fjellet og såg at sauene beita saman med andre dyr. Det var omtrent to kilometer borte på myra. Så plutseleg ser vi noko svart og vi trur kanskje det er ein svart sau. Men det viser seg å vere ein bjørn som har sett seg ut eit bytte. I tre kvarter sit han på myra og et opp søya, seier Vestad til gd.no.
Vestad bestemmer seg for å finne fram hunden og børsa og går bortover i kveldmørket. Nå er klokka rundt halv elleve og det startar å bli mørkt.
- Mest gira
- Eg var ikkje redd, mest gira. Eg ringte til rovvilttelefonen, men der kunne dei ikkje gje fellingstillatelse. Dei må vere to personar for å gje den og da er jo vitsen borte. Fellingstillatelsen kom fyrst torsdag morgon. Da vart eg litt skuffa for nå hadde vi ferske bjørnespor å gå etter, seier Vestad.
Han sit i rovviltlaget for Ringebu kommune og nå som det er gjeve fellingstillatelse driv dei og jaktar etter bjørnen. Det aktuelle området der bjørnen vart sett ligg tre til fire kilometer sør for Øksendalen som ligg ved Friisvegen.